fredag 19. desember 2008

Grannes

Må vere den vakreste staden i heile verda - det er eg heilt sikker på.
Idag satt eg på eit tog i 8 timar... Frå Oslo til Stavanger... Det er ganske langt det skal eg seie deg! Det er egentleg fascinerande å tenkje på kor mange forskjellige sitte/liggestillingar eg fann... Meir eller mindre komfortable når sant skal seiast. Men no er det verdt kvart sekund. For no er eg heime. Eg har åte pizza og kake og marsipan og sjokolade. Mi mor har bursdag idag - ho er nå 47 år!! Gratulerer igjen, mor.
Eg har bablinga mi frå resten av familien - så då kan de tenke dykk korleis kvelden utarta seg. Men så blei det leggetid - og Siri Beate skulle berre sjekke noko på internett... Så blei det litt for fristande å blogge, som vanleg.
I morgon skal eg vere med Ida og Ingunn!! Eg gler meg som ein litan unge. Saknar dei mykje!
Men no er det tid for å sove medan eg må tidleg opp i morgon, vil nemleg ha bilen så då må eg køyre mor på jobb.

lørdag 13. desember 2008

Eit forvirra hovud...

Skuledagen min er allereie beskrive i bloggen under, men dagen slutta ikkje der!! (Ja, eg veit einkvar kan tenkje seg til det sjølv, men no følte eg for å poengtere det...)
Me slutta så tidleg at eg var heime allereie halv tolv. Då burde eg ha vaska stova og gangen, men det gjorde eg ikkje, du gitt. Neida - eg satte meg til å redigere bilder - og slik tar tid. Men kjekt, det er det! Det er slik det blir bloggar og facebookalbum av... Eg burde og ha pakka medan eg skal reise til Glenn-Thore (kjærasten min - for dei som ikkje kobla den...) i morgon. Men den gong ei...
Eg er i ein merkeleg modus for tida. Eg vil heim! Grannes-heim! Men mest av alt vil eg ha ferie frå Bergen. 16 veker skule utan ferie er litt lenge... Dette er ikkje det merelege - dette er heilt normalt.
Men samstundes vil eg ikkje reise frå rommet mitt, CDane mine, Roger (bilen min) eller Janne og Kristine. Eg vil bli i Villa Nordpolen. Kalde, kalde huset. Eg har ikkje lyst å bevege meg nokonstad...
(sett in TMFOK - merkeleg pek(jeg) )
Eg og Roger(framleis bilen) var ute på tur idag. Klokka fire fann eg ut at det var "18:30" idag, som byrja halv 6 - og slik vil me vere med på. Men, så kjem problemet... Eg har ikkje vinterdekk. Men Roger trengte ein køyretur. Viss ikkje er eg (les: far) redd han vil fryse medan eg er heime. Så då vart planen å køyre(Janne: notice) til Anja og Magne. Eg svingte ut av parkeringsplassen utanfor huset, og skulle til å køyre avgårde - men der var det klunk is... Eg prøvar igjen - litt meir forsiktig og betre forberedt.. Ingenting skjer... Heldigvis er menneskje snille vesen og to jenter kom bort og ho eine spurde: "Skal vi hjælpe deg å dyttæ?" (nokre gonger er Bergensdialekta riktig så fin) Så eg kom meg heilskinna fram. (etter det var det ikkje glatt nokon plass på vegane)
Hjå Anja og Magne hadde dei heimelaga pizza, god prat med koselege folk, laging av pepperkaker, scrapping av kort og min personlige favoritt: Wii! Det var kjekt det. Ganske skremmande kor engasjert du blir i f. eks. golf. Me spelte fleire omgongar med golf! Det var kanonkjekt!
Tida suste avgårde og eg køyrde (eg har klart d kvar gong, Janne) heim ca. eitt. Men trur du eg er trøytt... Neida! Eg er vaken som ein hamster på LSD... Dette gjekk diverre utover mine trufaste bloggleserar som må lese ei heil gru med pjatt... Men kven veit - kanskje noko er fornuftig...
Bileta har forresten inga samanheng med noko - det såg berre så keisamt ut med berre tekst. Men dei er fine, då. Og det er eg så har tatt dei.
God natt! (vonar eg)

fredag 12. desember 2008

Min klasse er kulare enn din klasse!

Idag var siste dag på skulen - nå er det juleferie!!!
På skulen idag hadde me fyrst fantastiske foredrag om Ål folkehøgskule og kurssenter for døve (me skal der i praksis i Januar...)
Etter det var det kos og babling.

Nå kan de øve på teiknet for liter! Gjer som Kristin (vår døve lærar som forresten er utruleg kul) viser og sei liter på munnen!

Rita og Heidi syng på låven sitter nissen med teikn til!! Rita viser grøt. Eg veit ikkje kva teikn Heidi held på med.

Krista er morosam! Eg tykkjer og det e morosamt at både Linn Helen og Grete Kristin seier men... Trur dette og har noko med songen å gjere...

Det er så utruleg kjekt å gå teiknspråk og tolking! Ikkje nok med at studiet er spanande og kjekt, men klassen min er utruleg kul! Eg smilar kvar gong eg tenkjer på dei tøffe medstudentane mine! Idag fekk me vite at alle har bestått forprøva i praktisk teiknspråk - noko som ikkje eigentleg er overraskande! Me er så flinke, ser de!

Eg fekk julekort hjå Ingunn! Eg er glad!!!

mandag 8. desember 2008

Jul på Nordpolen

For dei av dykk som ikkje forsto overskrifta så er huset vårt døypt "Villa Nordpolen" grunna kulde... Kristine, Janne og eg tek ikkje jula med eit skuldertrekk! Neida!! Her snakkar me Pepperkakehus (som me har lima saman og pynta sjølv), marsipanfigurar (som pyntar opp pepperkakehuset) julestjerne i vindauget, raude og lilla teljos i heile stova, julestjerne (sånn blomst), svivel (ein anna blomst), grøne ljos langs gelenderet (mitt bidrag! men det er berre eg som likar dei medan dei er litt "over the topp" på godt Norsk... Dei har diverre ikkje vore tennde...) og adventskrans med kubbeljos. Og me har pakkekalender!! Eg elskar JUL!
Det lettare deprimerte juletreet heilt til høyre er ein av mine kreasjonar...
Og som om ikkje alt dette vakre var nok har me til og med hatt julekortverkstad - eller noko sånn... Me laga kort leeenge - og det var kanonkoseleg. Berre sjå sjølv:

Så viss nokon treng litt julestemning må de skynde dykk å kome på besøk - for nå er det ikkje lenge til me reiser heim!

søndag 7. desember 2008

Christmas table...

Laurdag kveld var det duka for Siri Beate sitt fyrste julebord nokonsinne! Med dei tre klassane på teinspråk og tolking ved Høgskulen i Bergen! Det var verkeleg koseleg!
Me åt julemat (pinnekjøtt for min del) hadde julequiz som mitt lag sjølvklårt vann! Me vann julebrus og alt som byrjer på jule- er veldigt fint i mine auge!

Vakre menneske frå klassen min!

Så var det tid for "ta bilete av folk med drnken deira" som byrja med at Magdalene matcha med kjolen sin:

Takk for ein strålande kveld!

tirsdag 2. desember 2008

O helg med din glede!

Eg har slappa av! kva har skjedd med verda nå eg slapper av i helga? Laurdag var sat eg på rommet mitt og strikka(les:spøda) julegåve og laga julekort. Så kom Janne og Kristine heim frå handletur og eg gjekk heile den lange vegen ner til stova og satt der å strikka medan me spelte Alias med fantasikort, det var utruleg morosamt!
Her kjem unntaket i helga mi, Klokka 11 (framleis laurdag kveld) tenkjer 3 tullete jenter: "Kva skal me gjere no?" Jo, me sett på treningsvideo og trenar... "Effektiv forbrenning" som videoen heiter så fint. Skal det trenast, så skal det trenast... Me satt på 50 min. nivå 2 (av 2) Eg veit ikkje kva somgjorde det, må ha vore noke i vatnet, men der hoppa me rundt i stova som nokre treningsnarkomane tullingar og syns det var ganske kjekt!
Eg trur eg er (om mogleg) blitt meir gal!
Sundag sto eg opp tidleg og gjekk i døvekyrkja. Der tende me det fyrste lys og song med teikn! Det var tri 4-åringer som fekk bok, og video med innhaldet oversett til teiknspråk! Sjølvklårt blei eg på kyrkjekaffi, men så bar det rett heim, for me hadde planlagt juleverkstad heime i Villa Nordpolen. Fyrst laga me eit pepperkakehus som vart litt øydelagt, men det går ikkje ann å sjå det, for det er på baksida. Eg må seie at eg er djupt imponert over at me fekk det til å stå...
Etterpå vart det marsipanfigurlaging - og det er kjekt det! Me hadde til og med konditorfargar (raud og grønn).
Så satt me i 7 timar (!) å laga julekort - så nå blir vår vener og kjente gla! Det var utruleg koseleg å sitje i stova med bordet stappa av scrappeting og sakser og lys og aviser og farga ark og snømenn og nissar og englar og juletrær med to supre vener og prate om alt og ingenting! Det einaste minuset var at eg berre laga 5 julekort... På 7 timar... Er det mogleg? Jaja, det får så vere.
Ein siste gladnyheit: Eg fekk mld. på It's learning:
"Du har bestått forprøven i mappeoppgave "Røvere i Kardemommeby" Hilsen Kristin Fuglås Våge"
Så få ord - så stor glede! Eg er glad!
God Jul!!!

lørdag 29. november 2008

Ida Kristine Meland

er min beste ven! Ho er utruleg kul! Problemet er berre at ho studerar i Swansea - ein litan stad i Wales. Dette gjer at eg ikkje ser ho så ofte... (tru det eller ei...) Så nå saknar eg ho masse, difor ville eg blogge om ho. Det og at ho er kul.
Her ser de eit bilete frå interrailen vår. Eg, Ida og vår gode ven Ingunn reiste rundt i Europa med tog i ein månad og ei veke for to somrar sidan. Det var kjekt.
Ida og eg vaks opp saman. Sidan ungdomsskulen har me vore (og er) uadskillelege. Mine vener som møter Ida for fyrste gong har ein tendens til å reagera med "Aaaah, det er derfor du er sånn du er" Me er like galne, like sprø, like høge og like kule.
Ida - eg diggar deg!

torsdag 27. november 2008

18:30

Igår var eg på curling med ein god gjeng frå 18:30 (det er namnet på ei slags gruppe som møtast ca. ein gong i månaden og kosar oss saman og snakkar litt om Gud og de...) Me curla i to timar, og det var kanonkjekt! me var 8 stk. som var akkuratt perfekt antall - fire på kvart lag. Me spelte t.o.m. med ekte regler og sånne kule ting.
Eg har herved funne ut at eg er ein resar i curling! Eg var faktisk kjempeflink. No har eg forstått det me å skru(curle) steinen, ser de. Og då kjem du langt! :oD
Eg må allikevel seie at det kjekkaste me heile curlingen er å skli i full fart langs banen på den glatte foten, gjerne med ein (eller to, eller tre) piruettar på slutten. Ein gong sklei meg og Magdalene inn i ein high five - det var kult! Eg har og funne ut at eg er lett å glede. Gje meg ein glatt sko og litt is...
Etterpå gjekk me på Peppes. Eg åt nachoschips med 3 forskjellige dipar!! mmm!
Ikveld skal eg til Bønes (huttiheita) i Bibelgruppe, gler meg!
God kveld, godtfolk!

mandag 24. november 2008

Oppdatering

Ja, kva er nytt hjå meg??

Me i Stemmeveien har vore på sydentur! Gutane hang etter oss som floger! Det er harde tider for vakre menneskje! Men kva kan ein seie - me blir van med det...

Spesielt for Kristine , som og er blitt fotomodell! alle stopper ho på gata og spør etter autografen - det er litt slitsomt å måtte vente, men kva gjer ein ikkje for ein god ven?

Eg kan og informere om at Astri Spears snart kjem med ei ny plate som heiter: Oj, eg gjorde det igjen. Dette blir ei flott plate, eg har fått snikhøyrt på nokre songar.

...just a little crazy!

Natalie har byrja i reklamebransjen og klarar seg fint. Eg meiner: Alle vil vel ha sjokoladekake etter dette!

Det var dagens oppdatering om livet mitt! Ha ein fortsatt super dag!

mandag 17. november 2008

Mappeoppgåve

...er keisamt å jobbe med. Sjølv om denne er på teiknspråk (les: ti gonger kjekkare enn skriftleg). Å blogge e mykje meir spanande...!
Meg og Janne gjekk tur i går. Konklusjonen er at Bergen er ein fin by! Heldigvis (for dykk) tok eg med meg kameraet mitt! Det er nok litt betre å sjå det sjølv enn å lese mi beskriving...

Det er ikkje kvar dag du får sjå byen slik (les: eg er for lat) Viss de lurar på korr me var, så må de spørre Janne. Eg veit at me gjekk mot byen og altfor mykje opp...

No sit eg her og drøymer om

Eg har kaffi. Men eg drøymer om skikkeleg kyrkjekaffikaffi. Sånn som er laga med kjærleik. Sånn som hentar fram gode minner frå mi bedehussjel. Når eg brukar den rare tingen inni hovudet mitt nokon likar å kalle hjerne, så veit eg at kyrkjekaffikaffi ikkje er god (les: Døvekyrkja er den einaste som har god kaffi - dei har skremmande god kaffi) Men det er ikkje sjølve kaffien som er viktig, men alt han førar med seg. Så det er så lett å sjå forbi den merkelege, småbeiske smaken.

Eg seier Halleluja for kyrkjekaffikaffi.

Og buu til Kasper og Jesper og Jonatan. Det hadde eg aldri trudd om meg sjølv, men det blir litt for mykje av det gode når du sit å stirrar på ein kort tekst om dei i fleire timar og prøvar å tenkje på lure teiknspråklege grep... Med min kunnskap, som ikkje er den beste. (les: eg vonar eg trygt kan leggje til eit enno) Eg drøymer om TMFOKar og kva som ville skje om ingen lokaliserte.

Det som eg ganske morosamt er at eg etter ein dag på skulen eller ein kveld på teiknspråkkafèen plutseleg tek meg sjølv i å tru at alle kan teiknspråk. Og viss då nokon snakkar til meg blir eg heilt forskrekka og stykk til før eg mumlar eit svar. Eller så byrjar eg å teikne til nokon som då ser forskrekka på meg. Verda er ein morosam stad.

lørdag 15. november 2008

Musikkmimring

Eg gjekk bortover vegen og fann ut at å høyre på McMusic 13, 14 og 4(!) er kult!!!! Eg meiner; i kva andre songar kan du finna like gjevande tekstar;
  • "Upside down, bouncing off the cealing. Inside out, stranger to this feeling."
  • "Stronger that yesterday, now it's nothing but my way, and my lonelyness ain't killing me no more"
  • "She looks like a flower but stings like a bee - like every girl in history"
  • "There's one thing we must confess, we are not able to undress. And one more wish we cannot pleace is if you want to bend our knees"
  • "Babeh, babeh the stars are in your eyes, don't let it get to your head"
  • "You are an alien with superhigh intellegence flying in the spaceship round and round"
  • "You play with the girls, play with the boys. Do you ever get loneley and play with your toys?"
  • "Trying to smile but the air is so heavy and dry"
  • "Baby forgive me if my heart skips a beat"
  • "Everybody hand in hand, come and join the caravan"

Det er lov å gjette kva songar desse er henta frå, men ikkje viss de juksar og ser kva songar som er på desse albuma. Nokre er lette, medan andre er vanskelege. Eg tykjer alle er morosame.

fredag 14. november 2008

Regn

Eg er glad i regn.
Haha, tenkjer du - men det er sant. Utan regn døyr me, alle veit dette men kvifor gløymer me det og blir sure og triste av regnet? Fordi me blir blaute. Men kva er problemet med det? eg veit ikkje korleis det er med dykk, men eg eg skapt vatntett.
Eg likar å gå i regnet med støvlar og paraply. Å ha god tid, og gå å sjå ut på regnet frå mi litle boble inni paraplyen. Min paraply er sjokkoransj og gjennomsikteg, så då kan eg sjå dråpane dette på hovudet mitt utan at eg blir blaut. Regnet skapar ein roleg atmosfære. Midt i plaskinga, sildringa og stressa menneskje som spring fram og att er det ei ro som eg likar.
Men det beste er å danse i regnet.
Korleis kan det bli bedre? Å berre la vatndråpane renne ner langs kinna. Å hoppe i pyttar. Å snurre rundt og rundt til du blir ør og svimmel. Å kjenne vinden ruskar. Å ta ein lang varm dusj. Det er ei så befriande kjensle, eg forstår ikkje kvifor me ikkje dansar meir i regnet.
Bra ting med regn:
  • Sildringa
  • Morosame menneskje som prøver å bli så lite blaute som mogleg - men endar opp med å bli meir blaute...
  • Paraplyar
  • Støvlar
  • Lukta av blaut asfalt.
  • Du kan pakke deg inn i så mykje kler du vil.
  • Du treng ikkje se fin ut - håret/sminke blir blaut etter to sekund uansett...
  • Du kan sitje inne med ein god kopp kakao med god samvit.
  • Lubber
  • Det er fint å sjå på
  • Alle dei ulike regntypane (det sluttar aldri å fascinere meg kor mange forskjellige variantar regn kjem i)
  • Pyttar ein kan hoppa i

Det beste regnet er yr om morgonen. Når det ikkje er nokon vind og lufta smakar friskt. Dråpane er så små at du undrar på om dei er dråpar og du kjenner at verda eigentleg er fin! At sjølv om du ikkje ville stå opp og gå ut i gru for kulda, så er det heilt greit. Du pustar inn den nydelege lufta og det kjenst som du er på ein fjelltopp.

En er en, og to er to -

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak, vi drypper på tag,

tik tak, det regner idag.

Regn, regn, regn, regn,

øsende regn,

pøsende regn,

regn, regn, regn, regn,

deilig og vådt

deilig og råt!

En er en, og to er to -

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak,vi drypper på tag,

tik tak,det regner idag.

-Sigbjørn Obsfelder

torsdag 13. november 2008

Min nye helt!

...er David Phelps!!!

Tysdag spurde Grete Kristin om eg ville vere med på Voice of joy konsert. Dette ville eg sjølvklårt - då dei er utrulrg flinke og herlege å høyre på. Fann ut at konserten eigentleg var David Phelps med Voice of joy, men gjekk for å sjå dei. Logisk medan eg ikkje visste kven Phelps var.

Klokka halv sju tusla meg og Grete Kristin inn i ei stappa Johanneskjyrkje (med puter til å sitje på - eg har nemleg vore i kjyrkja før og veit korleis dei benkane kjennes etter ei stund...) Fulle av on om ei god stund. Voice of joy byrjar å synge, og me byrjar å smile.

Så kjem David Phelps på scena og syng. Eg måtte skrape haka mi opp frå golvet og halde ho fast mens øyrene mine sto på stilkar. Ikkje nok med at mannen kan syngje vakkert som ein engel og sterkt som om han er i ei hule, men Guds ljos skin ut av han. Det var ikkje vanskeleg å sjå at han var ven med Gud :o) Eg bler så utruleg inspirert av slike menneskje!

Eg må berre seie at eg nesten aldri får frysningar når folk syng. Veit ikkje kvifor, det berre er sånn! Men det fekk eg fleire gonger under konserten.

Vil de høyre bra kristen musikk - høyr David Phelps!

mandag 10. november 2008

Min kjære på besøk

Fredag var ein fin dag!
Glenn-Thore var nettopp komt og me gjekk hand i hand til skulen. Der fortalde me elevane kverandre eventyr på teiknspråk - det er kult. Så viss nokon vil høyre/sjå dei tre bukkene bruse på teiknspråk, så berre sei ifrå. Vel heime fekk me besøk av Irèn - tanta til Glenn-Thore og borna hennar. Koseleg.
Me er blitt litt lei av å berre ete heime, så me gjekk ut og åt på Egon! Og gjett om det var godt... Og gjett om det var koseleg... Og gjett om eg hadde det fint... Etter middagen var planen å gå heim og sjå film - men så kom min geniale kjærast på at me kunne gå på kino. Me vandra (eigentleg vil eg bruke ordet meander - for det var det me gjorde, men det fins ikkje eit norsk ord for det...) til kinoen og kjøpte bilettar, men trur du ikkje det var to timar til filmen begynte... Joda. Men me gjekk på Brunello og det var ingen dum idè (les: det var min idè)
Då var me blitt varme i magane våre og tusla (det er eit kult ord) til kinoen og såg Mamma mia! Den er kjekk den!! Eg ler.
Laurdag gløymer me å ete middag... Det er ikkje lurt. Eg er på konsert med Trang fødsel og Odd Nordstoga. Dei er kule. Vel heime et me middag medan me ser pianisten. Triste, triste utroleg gode filmen.
Søndag var planen å gå tur. Me gjekk ikkje tur. Me er ikkje så gode på planar, Glenn-Thore og eg. Men me ser film. Grease. Kvelden består av harde trebenkjar, gode vener og fin musikk. Nemleg håpkonserten i Johanneskyrkja, med Janne, Kristine, Christoffer og Anne med Christine Guldbrandsen, Heine Totland og Nathalie eit eller anna. Flinke, flinke musikarane! Heine Totland er kul. Han sang "Bohemian Rhapsody". Det tok av. Han sa i starten at det ikkje kunne bli bra medan han ikkje hadde gitar eller trommer, eller bass, eller kor... Men det var utruleg morosamt og kult. Han sang gitarsoloen! Eg lo og eg smila gjennom heile songen! Etter konserten gjekk me på Comma og fekk oss kaffi og ein god prat.
For ei helg! Eg er glad.

onsdag 5. november 2008

Korset

"Herre, du ransakar meg og kjenner meg.
Anten eg sit eller står, så veit du det,
langt bortanfrå merkar du mine tankar.
Anten eg går eller ligg, så ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
Ja, før eg har eit ord på tunga,
veit du det, Herre, fullt og heilt.
Du kringset meg på alle sider,
du har lagt di hand på meg.
Det er for underfullt
til å skjøna,
det er så høgt
at eg ikkje kan fatta det."
Salme 139 vers 1-6

søndag 2. november 2008

Male Guds rike

Torsdag kveld fann eg ut: "Hei, hei. Eg reiser på leir i morgon..." Kvifor ikkje?
Frå fredag til sundag har eg vore på ein leirstad som heitter Kvamseter og er eigd av NMSU. Me reiste ut ca 10 stk. for å male og fikse og gjere dugnadsarbeid.
No er eg full av malingsrestar, whitesprit, sikkert løsemiddelskader men mest av alt gode minne. Det har vore ei helg saman med min beste ven Jesus og saman med andre flotte menneskje. Ei helg eg har kunne slappe av frå kvardagens kaos - sjøl om det har vore mykje arbeid. Eg har fått tid til å tenkje, tid til å vere åleine. Berre meg og ein malekost. Utruleg kor monge tankar som du får tenkt ferdig. Vanlegvis får ein aldri avslutta ei tankerekke, men det fekk eg i helga.
Ikkje nok med alt dette, men i tillegg tjener det Gud. Det er for meg det viktigste. Det er mange måtar ein kan tjene Gud. Gjennom song, forkynning, dans. Men med må ikkje gløyme det praktiske. Nokon gonger kan me tjene Gud ved å arbeide, og det fekk eg vere med på denne helga. Kva kan vere meir viktig enn det. Til denne leirplassen kjem det utruleg mange ungdomar for å høyre om Jesus.
Ver med å male Guds rike her på jord. Ingen kan gjere alt - men alle kan gjere noko.

fredag 31. oktober 2008

Klemmer :oD

Eg tenkjer ofte på klemming! Eg elskar og få og å gi klemmar. Det tek ikkje så lang tid frå eg bler kjent med nokon til eg gjerne gjer dei ein klem eller ti.
Kvifor er klemming så lite utbreitt i visse kretsar? Eg skjønar meg ikkje på menneskje som ikkje likar klemmar. Klemming er bra for alt. Det gjer deg glad viss du er lei deg, det gjer ein dårleg dag betre. Ein klem gjer deg god og varm på innsida. Det er gratis - både å gi og å ta imot. Det er trening; Slike som meg må strekke seg og høge må bøye seg. Det forhindrar krig (er litt vanskeleg å skyte nokon som klemmar deg...)
Eg bur med to supre klemmerar!!! Det er eg veldig glad for.

Ein god Kristineklem :o)

Til alle: Gje meg gjerne ein klem når og kor som helst - eg blir kjempeglad!!

søndag 26. oktober 2008

Joy.

Monge menneskje som automatisk bevegar seg i sirklar, born i fargerike klede, jenter i rosa hjelmar, stadige nestenkrasj - kva er dette?
Jo, det er sjølvklårt det du møtar når du går inn i ein ishall for å stå på skøyter.
Det var nemleg det Janne, Kristine, Vibeke og eg gjorde i dag! Det var utruleg kjekt. Ikkje alle på isen var like gode - halve gleda var å sjå på alle dei spanande og morosame menneskja. Det kom nokon som var utruleg flinke - dei tok piruettar og foten opp til hovudet... på skøyter! Eg kan stå på ein fot ganske lenge, og må seie eg er litt stolt over det... Jaja...
I tillegg til å gå på skøyter spelte me curling. Det var kjekt, det!! Kan ikkje seie at me kunne reglene, men det gjer ingenting, me kosa oss. Eg syns noko av det kjekkaste var å skli bortetter bana på dei kule "skoa" og prøve å halde balansen. Hadde berre eit par, ti fall...
Takk for ein super dag, jenter - de er kule!

Ein laurdag... :o)

Laurdag var eg på Halloweenfest hjå Magdalene i klassa mi! Det var frykteleg kjekt (tttttok du han?) Dei hadde verkeleg laga det til slik at det blei skummelt. Her kjem eit par bilete: Dei frå klassa mi som var der. Frå venstre: Ina, meg, Grete Kristin, Ingunn og nederst; Magdalene, var me ikkje vakre??

Ein veldig lukkeleg Ingunn.... Det er ikkje lett å vere heks i våre dager skal eg seie deg...

Takk for ein super kveld alle saman!

fredag 24. oktober 2008

Forkjølt...

Eg har hatt god tid til å tenkje dei siste dagane. Eg har vore sjuk, og tvunga til å ikkje gjere så mykje. Det er fascinerande korr herleg det er å ikkje gjere noko! Sjølv om eg irriterar meg over dei tinga eg ikkje fekk vere med på, tykkjer eg ikkje det er så synd i meg. Det blei som ei pause i kvardagen. Eg skal ikkje påstå at eg nytta denne tida særleg fornuftig... Eg såg 9 episodar av CSI i går... Og eg har lese masse i boka mi. Men sjølv om det virkar som sløst tid er det herleg å sitte no og vere heilt utkvilt. Eg er framleis litt sjuk, men det var godt for ein som vanlegvis stressar mykje å skru på pause. Livet er herleg - nyt det!!

onsdag 15. oktober 2008

Studiedag...

I dag har eg hatt ein ganske fin dag. Eg klarte å vakne ganske tidleg - allereie halv 10 på ein fridag! (studiedag)... Og eg fekk jobba med oppgåva me skal skrive om døves kultur. Til no har eg skrive ca. halvparten av det som eg maks, så eg er ganske nøgd! Det kjekkaste som skjedde idag var sjølvklårt middag! Me møttes ein god gjeng frå klassen og åt saman på Zupperia. Det var verkeleg koseleg!!! Må gjentas. Eg åt kyllingwok med ein eller anna fancy Japansk saus på. Det var utruleg godt! Etterpå vindushoppa eg med Magdalene og Grete Kristin - noko som sjølvklårt endte med at eg kjøpte meg støvlar (dei trengde eg, for eg har gått i stykker dei andre) og ei t-skjorte (som eg verkeleg ikkje treng - eg har for monge t-skjorter... men ho er så kul! Det er little miss busy - og ho er så nerdete!) No gler eg meg som ein hoppande sakkosekk på speed til Glenn-Thore kjem! Han kjem i morgon. Trallalalalala... Og i tillegg skal eg i Bibelgruppe i morgon - det blir ein fin dag!! Det var alt frå meg. God kveld og god natt...

tirsdag 14. oktober 2008

Korweekend m/Laudate

Glimt frå ei koseleg helg! Med mange koselege folk!! Her er me samla til lunsj. Eg trur Astri har litt lyst å vere med på biletet... Fredag til syndag - 10.-12. Okt. kjøyrer/busser ein god gjeng frisk, Norsk ungdom ut til ein skule ute på Sotra. Kva i alle dagar skal dei der - undrar du kanskje. Dei skal på øvelsesweekend med lovsongkoret Laudate. Høgdepunktet me helga vil eg seie var utallige rundar med mafia og bim-bim. Me øvde sjølvklårt mykje, men me hadde god tid til lek og andre festlige aktivitetar - det var verkeleg ei super helg. Eg presterte sjølvklårt å gløyme liggjeunderlag heime - så eg sov rett på golvet i to netter. Men 2. natta sov eg berre 5 timar uansett, så då gjorde det vel ikkje noko... ;o) Takk for ei super helg - de er kule!

mandag 13. oktober 2008

Hurra for meg!

Idag er eg blitt 21 år. Camilla i klassa mi er så snill at ho laga sjokolademuffins til meg. Så heile klassen fekk muffins :o) Når eg kom heim frå skulen gjekk eg og Janne tur i haustfargane. Vel heime et me taco medan me ser 71 grader Nord. Snart skal me eta brownies og is medan me ser Ylvis møter veggen. Det har vore ein fin dag! Takk for alle helsingar.

Oj... ein blog...

No har eg fått meg blog! Det er det eg veit så langt... Skal prøve å halde han oppdatert, men eg lovar ingenting... Eg er Siri Beate. - Eg studerar teiknspråk og tolking på høgskulen i Bergen. Klassa mi er kjempekoseleg! - Eg har ein flott kjærast som heiter Glenn-Thore - Eg kjem frå Grannes - ein koseleg plass i Sola kommune. - Eg likar nynorsk. - Eg syng i eit lovsangskor som heiter Laudate. Det var nok for denne gongen, tenkjer eg...