onsdag 25. februar 2009

Nøgd

Eg har hatt ein fin dag!
Eg har vore produktiv. (vaska klede, spelt inn mappeoppgåve, bestilt buss til Swansea, skrive attest(!), hekla ein halv tøffel)
Eg gler meg. Nina Marie kjem på besøk. Eg skal kjøpe meg printer.
Livet er bra.
Eg er nøgd.

søndag 22. februar 2009

Titthei

Klokka er halv 12 på ein syndag. Kvifor er eg framleis vakjen, lurar du kanskje på. Eg kom heim frå boller og spel hjå Anne og Kristine klokka 9. Då ryddar Siri Beate ut av oppvaskmaskinen. Ikkje det fyrste du gjer når du kjem heim, seier du? Nei, nei. Men eg stoppa ikkje der, nemleg. Eg rydda i stua. Både mine og Janne sine ting. Eg vaskte opp det som var skite, og satte inn i oppvaskmaskinen. Då eg kom opp på rommet rydda eg. Litt.... Eg byrja med å skifte laken og dyne og putetrekk. Så såg eg meg rundt og tenkte for meg sjølv: "No er det lenge sida eg har rydda her... Tørr eg prøve? Ja, eg får jo besøk av mi kule syster på torsdag" Då var det gjort. Eg susa att og fram, fram og att. Då eg var ferdig var klokka blitt 11. Det seier litt at det tek halvanna time å rydde eit så lite rom. Det er ikkje bra. Men no er rommet mitt fint. Eg sit i senga, ser meg rundt og smilar. Kvar eg har fått energien min frå? Inga aning. Kanskje døvekjyrkja. Kanskje boller med sjokolade. Kanskje at eg ikkje treng å stå opp før halv 12 mondagar. Kanskje det er heilt tilfeldig. Eg er nøgd uansett. Rommet mitt er besøkbart (eg veit at dette ikkje er eit skikkeligt ord, men eg brukar det allikevel. Eg tykkjer det er eit tøft ord, og eg fann på det sjølv.)

Eg har funne ut at eg er tøff med proft kamera!

fredag 20. februar 2009

Snø

Er fint. Slaps er ikkje fint.
Eg gir opp. Den fine snøen kjem ikkje att. No vil eg gjerne ha vekk slapsen. Det hadde passa fint. Kan du ordne det? Takk.
Fin snø (fra fin tur, åleine):
Og ei and, fordi han var så kul.

onsdag 11. februar 2009

Nina Marie

Heitte mi kjære syster. Ho er pen. Ho og eg hadde bileteskyting (photoshoot) i helga, her ser de resultatet:

Biletet av meg er tatt av mor.

torsdag 5. februar 2009

Ein egosentrisk bloggar

Eg legg ut vakre bilete av meg sjølv! Dette fordi eg er vakker!

Titthei

Hæææ?

Eg er ein kanin! Visste de det?

Goood klem Eg er så fin at eg må kysse meg sjølv...
Me har fått ny språklab på skulen. Difor har alle i klassen tatt vakre bilete av seg sjølv...

onsdag 4. februar 2009

Ein onsdag i bilete

Frå mobilen...

Då eg opna døra i Villa Nordpolen for å tusle ned til Camilla denne fine studiedagen så såg eg snø! Siri Beate er glad i snø!

"Alt går litt langsomere her på jorden når hele himlen faller ned"- Anne Grete Preus

Du ser det kanskje ikkje så godt - men eg er dekka i snø. Her på trappa hjå Camilla.

Mine studiekameratar denne dagen. Fisken Camilla og modellen Grete Kristin... Her ser de at me er klare til å avlese DVD om Helen Keller.

Eg har fått kaffi i fin kopp! Og Beatlesplate til å sette han på! Me er utruleg flinke til å avlese. Det er konklusjonen etter to kapittel. Det er ein film som ikkje er meint for studentar som oss, men for dei som kan teiknspråk godt...(Det må vere lov å skryte litt) Stemmetolken på DVDen er me heilt sikre på at må ha vore ein døv som har valgt... Ho har sånn fæl Bergensdialekt!! Dei fleste som pratar Bergensk er heilt greie å høyre på, men ho her - eg orkar ikkje å høyre på ho i meir enn 3 minutt. Eg får ein ikkje-så-liten trang til å slå ho... Det er ikkje bra!

Etter mykje avlesning og kaffi laga me pizza!! Den var kjempegod! Det var ganske morosamt å lage han, då ingen ville ha det same på... På min er det både ananas, mais og tortillachips... Nam!

På veg heim var det kome ennå meir snø. Logisk nok - då det har snødd heile dagen... Det var ein utruleg koseleg gåtur heim. Og det blei ikkje verre av å prate med Glenn-Thore i telefonen.

søndag 1. februar 2009

Er det mogleg?

Lat meg fortelje deg om dagen min!
Han byrja heilt nomalt med soving til 12 og ein god frukost. Så var det vasking på gong. Eg hadde ansvaret for badet og trappa, og eg må sei det vart feiande flott. Så lata eg meg på rommet til det var middagstid. Då såg meg og Kristine film. Ein morosam film. Ein Dansk om ungdomar. Eg lo. Kristine lo. Me ropte til TVen og lo meir. Det var ein underholdande film vil eg våge å påstå.
Så var me klar til å sette kurs mot Frekhaug. Vakre Frekhaug som me saknar så mykje. Men så dukka det opp eit problem. Siri Beate kunne nemleg ikkje finne lommeboka si... Etter å ha leita alle tenkelege og utenkelege stader etter lommeboka (mellom anna inni kjøleskapet) kasta me frå oss handkle og satte oss i Roger (framleis bilen min) Men Kristine foreslo at me kunne høyre i butikken om eg hadde gløymt ho der. Og trur du ikkje ho var der? Jo, det var ho. Eg er ein sullekopp - det er konklusjonen.
Letta og med ny von køyrte me til Frekhaug og såg musikalen til årets elevar. Den var bra. Dei var flinke. Sjølvklårt ikkje like flinke som oss. Så blei me sittande å prate med tidlegare elevar, lerarar, og andre spanande menneskje. Det bor gutar på rommet mitt i år og. Dei var rotete - verkeleg rotete.
Til slutt kom me oss avgårde og snudde nasen heim. Full bil denne gongen. Etter ei stund høyrte me ein rar lyd. Det er ikkje eit bra teikn når Roger lagar ein rar lyd! Så eg stoppa på eit busstopp. Det gjorde bilen bak og. Eg undra meg over dette, til føraren av bilen sa: "Det kjem gnister frå bilen din. Eg trur noko skrapar i bakken."
Oj, tenkjer Siri Beate.
Ho ser under bilen. Hmm... Eksospotta skal ikkje henge så lavt. Det er ikkje bra. Det såg litt betre ut når pasasjerane gjekk ut, så då sett me dei frå os på busstoppen og køyrer vidare. Dette hjelp berre litt, og me må stoppe igjen.
Fillen, tenkjer Siri Beate.
Men frykt ikkje - Siri Beate har sett MacGyver ho. Siri Beate har gått på billinje ho. Så Siri Beate ordner opp. Ho kryp under bilen. Kristine og Siri Beate køyrer att til dei andre og eg stolte over å ha ordna det. Alle inn i bilen igjen - men det skrapar i asfalt. Igjen.
Grrr, tenkjer Siri Beate.
Ho stoppar på neste busstopp og hiv igjen av pasasjerane, og prøver å køyre vidare. Endeleg - ingen rar lyd og Siri Beate og Kristine kom seg trygt heim til Villa Nordpolen
Yey, tenkjer Siri Beate.
Etter ei slik påkjenning skulle ein tru at Siri Beate er trøyt og vil sove. Men ikkje denne jenta, nei. Ho susar avgårde til Magdalene på fest for å feire Australia sin nasjonaldag (Som var på onsdag - det viste de ikkje tenkjer eg meg) Der møtte ho masse kule menneskje og dansa mykje.
Hurra, tenkjer Siri Beate.

Magdalene er fin

Det er Marianne og.
Siri Beate meiner: Ein dansar ikkje før ein forsvinn i musikken.
Og no eg Siri Beate komen heim. Men legg ho seg for å sove? Neeei, ho bloggar og redigerer bilete frå dagen.
For ein dag, tenkjer Siri Beate.