tirsdag 24. august 2010

Bergen

Ja, eg er i Bergen att!
Byen i mitt hjarte. Og ja, eg lever framleis sjølv om det ikkje har vore mykje livsteikn frå meg i somar. Bloggen min fortalde meg nemleg at han og ville ha ferie, så då måtte eg berre nikke og vere enig. Men no har han ikkje lov å ha ferie lenger. Sjølv om me ikkje har internett heime og sjølv om eg ikkje har rydda i nokon av bileta eg har tatt i somar. No har eg lest meg opp på alle andre sine bloggar og er klar for å gi fra meg nye livsteikn igjen. Det skal man jo når man er ein annan stad. Seier nokon. Det er same for meg egentleg (Eg har forresten blitt påvirka av byasar i somar og seier no tidt og ofte egenlig - i staden for egentligt. Det er ikkje bra!) Men eg likar å gi frå meg nokre livsteikn. Noko kan man dele med heile verdsveven. Ikkje at eg trur heile veven les min blogg, det hadde vore litt veldig skremmande. Men nokon les. Trur eg.
Camilla og Ingvild har flytta frå meg og Sandra og det er litt rart og litt trist men og litt fint, for me har fått to nye flotte menneskje inn i leiligheten. Maria og Miriam. Kanskje det plutseleg kjem bilete av dei. Me har det kjempefint. Eg har kjøpt ein plante som heiter Baltus og eit fint bilete. Miriam har kjøpt ei turkis rame, som ho ikkje hadde noko bilde til, så ho fann eit bilete av ein eller anna mann. Me kallar han Gunnar.
Då me ikkje har internett heime (grrr...) sit eg på skulen. Men det gjer jo at de får gleda av å se kor vakker eg hadde vore med rosa hår! Eg trur det må bli min nye stil!