tirsdag 22. september 2009

Ikkje leiar lenger

Ja, no er det slutt. Eg er ikkje lenger leiar for Laudate. Korleis skal dette gå... Nei, eg takkar og bukkar for meg vel medviten om at dette årets styre er eit bra eit. Utan tvil. Men året som leiar har vore supert. Takka vere resten av styret. Det er godt å ha så flotte menneskje som støtte. Eg fortsett i Laudate, for eg storkosar meg der. I dag song me ein song som me og song i fjord. Det var kjekt det. Og me leika "Kjenner du naboen din". Og me åt brownie i pausen. Og kjeks. Og høyrte på ein kort, fin andakt av Aud Jorunn. Det er mykje meir enn song som foregår på Laudate ser de!
Idag - sida det var mi siste gong som leiar fekk eg ei gove frå styret. To blåe koppar, ein kjempegod te og ein te-timer (tidtakar for dei av dykk som ikkje les so mykje Engleskt) Så no sit eg godt planta under dyna mi og kosar meg med te, musikk, blogg og snart bok(Narnia). Livet har sine augeblink. Takk kjære: Nathalie, Astri, Ingrid, Andreas, Silje og Therese. De har vore gode å ha.

mandag 21. september 2009

To fine dagar

Her i Borgermesterens gate har me hatt innflyttningsfest. Det må eg seie blei ein stor suksess. Me rekna saman at me trur det var ca. 50 menneskje innom hjå oss forige sundag. Og det er ikkje noko tull.

Kari Helene, Ina og Grete Kristin. Og Camilla i bakgrunnen slepper inn nye vitjerar.

Sandra, (som bur her. Det er veldig viktig at alle får med seg at Sandra er ei av dei eg bur me, syns ho sjølv) Janne og Kristine.

Trygve og Ingvild.

Dagen etter såg Glenn-Thore, Sivert, Grete Kristin og eg Brann-Viking på Brann stadion! Om det var kjekt? Sjølvklårt. Og sjølv om det blei 1-1 så trøyster eg meg med at det berre var Viking som scora mål... Hehe... Morosame bilete blei det og!
Eg klarar og dette... Eg lovar.
Er dette lov, då??

tirsdag 8. september 2009

Bergen, igjen

Eg har vore i Bergen ein månad allereie... Det har skjedd mykje og det er godt å vere her att. Eg har flytta til Nygårdshøgda og likar meg her. Me har turkis tema i stova. Kanskje fordi eg måla stovebordet vårt turkis utan at dei andre hadde noko å seie..? Fint er det blitt. Me har bygga hylle og boksa, me har dekka to sofaer med svart stoff, og hengt opp bilete. No er det bare å kome på besøk.
Camilla og Ingvild puslar boksar. Det turkise spisebordet og hylla vår i bakgrunnen.
Men alt er ikkje i orden, merkeleg nok... Me kan ikkje få post, då postmannen har fått feil nøkkel og ikkje kjem seg inn. Me har ikkje TV. Me har ringeklokke, men han fungerar ikkje enno. Me fekk nettopp vaskemaskin etter mykje mas, men han hopp rundt på vaskerommet viss me prøvar å vaske klede... Det heile er blitt så tragisk at det er berre komisk. Eg ler.
Her ser de den berykta vaskemaskinen... Og meg i ekte turiststil. Vaskemaskina vår er jo ei severdigheit... OK, kanskje ikkje.