torsdag 13. november 2008

Min nye helt!

...er David Phelps!!!

Tysdag spurde Grete Kristin om eg ville vere med på Voice of joy konsert. Dette ville eg sjølvklårt - då dei er utrulrg flinke og herlege å høyre på. Fann ut at konserten eigentleg var David Phelps med Voice of joy, men gjekk for å sjå dei. Logisk medan eg ikkje visste kven Phelps var.

Klokka halv sju tusla meg og Grete Kristin inn i ei stappa Johanneskjyrkje (med puter til å sitje på - eg har nemleg vore i kjyrkja før og veit korleis dei benkane kjennes etter ei stund...) Fulle av on om ei god stund. Voice of joy byrjar å synge, og me byrjar å smile.

Så kjem David Phelps på scena og syng. Eg måtte skrape haka mi opp frå golvet og halde ho fast mens øyrene mine sto på stilkar. Ikkje nok med at mannen kan syngje vakkert som ein engel og sterkt som om han er i ei hule, men Guds ljos skin ut av han. Det var ikkje vanskeleg å sjå at han var ven med Gud :o) Eg bler så utruleg inspirert av slike menneskje!

Eg må berre seie at eg nesten aldri får frysningar når folk syng. Veit ikkje kvifor, det berre er sånn! Men det fekk eg fleire gonger under konserten.

Vil de høyre bra kristen musikk - høyr David Phelps!

3 kommentarer:

Natalie sa...

Hei du! Ej hadde faktisk tenkt å blogge me akkurat samme overskrift:) hehe.. Ej ha heller nesten ikkje hørt på han før - men gjett om ej skal høyre på han heretter!! Meget bra konsert! =)

Siri Beate sa...

Så sant, så sant!! Utruligt bra!

Camilla sa...

Ikkje hørt hvem David Phelps var sier du!? What!? Han e go! For å sei d sånn...