mandag 30. november 2009

Helga i bilete

Fredag:
Kristine laga verkeleg julestemning på det litle rommet hennar, og det blei produsert pepperkaker av 4 kg deig(nesten, eg brukte ikkje opp heile min boks)
Laurdag:
Sophie Mari (venstre på biletet) var i Bergen med jobben, og samstundes var ho og mora, Anne-May med på ei julemesse ute på Stend arrangert av Fana husflidslag. Siri Beate som den gode venninna ho er(pluss at ho veit kor mykje fint My fie lagar) tenkte at dette måtte ho få med seg. Så ho gjekk inn på internett for å finne adressa til denne hallen ho aldri har høyrt om. På håndballforbundet sine sider finn ho ei adresse og tenker at dette må vere ei påliteleg kilde. På gulesider fann ho kart og skreiv opp kor ho skulle. Roger(bilen hennar) bur hjå Glenn-Thore og Siri Beate skundar seg nøgd dit. Så køyrer ho og Glenn-Thore til adressa dei fann på gulesider... Men trur du dei fann hallen der? Om du trudde det, må eg diverre skuffe deg, for der var han sjølvklårt ikkje(då hadde det jo ikkje vore ei historie verdt å fortelje). Men det dei fann var ei dame som fekta med armane og prøvde å forklare den skikkelige vegen til hallen. Siri Beate køyrte så som best ho kunne etter den nye forklåringa til dama med armane. Og ho fann til og med skilt til julemessa og var rett nøgd. Men når ho kom fram køyrte ho berre rett forbi... Dette fordi dama med armane hadde sagt at Siri Beate kom til å sjå hallen lett... Det gjorde ho ikkje... Så ho køyrte inn på ein smal veg ganske langt, før ho snudde og endeleg fann hallen. Men Siri Beate kan meddele at det var verdt strevet, for ho fann ganske mange julegåver der. Glenn-Thore var ikkje like nøgd, då han fekk vondt i ryggen av å gå å sjå på dei ulike tinga.
Laurdag kveld og sundag:

Skytespel. I spelet heiter eg: little miss noob. Det passar. Men eg byrjar å bli betre.

fredag 27. november 2009

Laudate

På tysdag hadde me ekstra lang øving med Laudate, fordi 1. Desember er me klåre for julekonsert i kafèen i Salem. Eg vonar DU kjem og høyrer på oss, for det bler kjekt!! (dørene opnar klokka 19:00) Då øvinga nesten var ferdig gjekk brannalarmen og me tusla for livet... ut og sto i kulda. Me måtte vente ei stund ute, me fekk ikkje gå inn igjen. Så kva gjer Siri Beate? Jo sjølvklårt byrjar ho å synge songane me øvar på og heile koret blei me, så det blei ganske så koseleg å stå der ute i kulda. Me fekk nokre tilskoderar som stakk hovuda sine ut av vindauga og undra seg over kva som skjedde...
På veg inn att etter brannalarmen
I pausen. Natalie like lukkeleg som alltid.
Elmer.
Fine Kristine. Oh, det rimte! Eg skal snart vitje Kristine i hennar nye bolig som eg ikkje har sitt enno. Eg gler meg masse. Ha ei superduper helg.

mandag 23. november 2009

Tunge byrder

Eg har noko feil i skuldrene mine, som eg ikkje veit kva er. Eg har gått til mang ein lege som ikkje forstår kva det kan vere. Og eg er ganske lei av å ikkje vite noko. Men det fins ein som veit. Ein som veit meir enn meg om meg. Og det er Gud. Av og til er det litt skremmande at han liksom skal vite alt om meg. Men så tenkjer eg meg om og ser på korleis Gud er, så er det egentligt mest betryggande å overlate kontrollen til han. Til Han som seier: "Som dine dagar er, skal din styrke vera." -5. Mos. 33,25. For eg treng litt styrke av og til. Og då kan eg igjen få kome til korset og få kvile.

onsdag 11. november 2009

Rotete hovud

Kva skal ein gjere når ein kjem heim frå praksis med alt for mykje program og alt for lita tid? Eg har framleis ingen fasitsvar, men eg klarte å mose nesten alt det kjekke inn mellom oppgåveskriving. Fyrste helga eg var heime reiste eg på korweekend. Me øvde, åt og song men det me brukte mest tid på var diverse leker. Me slo kvarandre, me sat på fanga til kvarandre, me prøvde å sjå ut som elefantar og telefonkioskar. Dette berre fyrste kvelden... Me hadde og samlinger laurdag og sundag, me fokus på Jesus. Utover nettene var monge i musikkrommet og song Sing star. Alt i alt ei vellukka helg med lite søvn...
Solveig (korets kosebamse) lagar tomatsuppe med makaroni (eller var det makaroni med tomatsuppe?) når me kjem.
Åsne(dirigenten vår) har kontroll på øvinga. Her trur eg det er alten som skal opp...
Stine, Astri, Ragnhild Sofie, Natalie, Ragnhild, Heidi og Lisa. Situasjonsbilete. Eg diggar det fordi det ikkje er noko logikk i det og fordi Natalie er linselus(som vanleg)
Astrid, Ragnhild, Astri, Natalie og Thomas. Me burde egentlig stå når me syng. Men eg var ikkje den einaste som var litt trøyt siste dagen.
Eg skal ikkje legge ut om oppgåva mi, men mykje av veka gjekk til det...
Då fredagen kom leverte eg oppgåva og så fekk eg besøk av far, mor og Nina Marie. Det var stas. Laurdag var me på tur til Fløien. Me tok bana opp og gjekk tur der oppe, før med gjekk ned igjen. Meg og Nina Marie hadde med kamera. Av ein eller anna grunn gjorde dette at me gjekk litt saktare enn dei andre. Men det blei bra bilete i det minste.
Glenn-Thore og Nina Marie lekar turistar. Etter nøye instruksjon frå fotografen.
Far fann is på vatnet. Forige gong han vitja meg tok han med seg ei grein heim og hang ho i vindauget vårt, så eg blei litt redd for at han ville ha med seg denne og, men det gjekk bra.
Mor blandt haustblada. Eg kan fly!
Sundag blei den store bakedagen. Eg, mor og Nina Marie bakte muffins og kanel i svingen. Me kokte kaffe og laga fruktsalat. Kvifor? Jo, me fekk besøk av Randi(bestemor til Glenn-Thore) og Villy. Me åt og prata og hadde cupfinalen i bakgrunnen. Alt i alt ei flott avslutting på helga.

tirsdag 3. november 2009