mandag 30. mars 2009

Typisk meg...

Eg sit på skulen og gjer skulearbeid ein mondag frå klokka halv ni, sjølv om eg ikkje skal byrje før halv ett. Nei, ikkje fordi eg er flink, eller smart. Fordi eg har låst meg ute... Eg skulle berre på verksted med bilen, så gå heim å sove... Eg tok feil jakke... No har eg ikkje nøkkel. Så eg sit på skulen å prøvar å gjere noko lurt. Eg er trøytt. Eg er sur. Eg vil sove. Det er min feil. *sett inn TMFOK: karakteristisk-for-meg*

lørdag 28. mars 2009

Stjerner og smilefjes

Får eg teikne på veggen hjå oss for tida! Ei stjerne om eg går/syklar til skulen. Eit smilefjes om eg ikkje et snop eller liknande. Eg er enkel å glede. Gi meg ei stjerne og eg er nøgd med meg sjølv... Appropos (eg likar ikkje det ordet - det ser så teit ut. Eg skriv det sikkert feil og, men det får bare vere.) å vere sunn og de... Eg er så heldig at eg har ei høg forbrenning. Eg tippar det er arva då begge foreldra mine er lave og tynne. Men å seie "Eg er så glad for at eg har ei så høg forbrenning" kan skape reaksjonar... "Ja, det bør du vere" kjem ofte kvast og fort i retur. Eg tenkjer "Jaaa... Det var jo det eg sa!" men teier still - det er det beste. Glenn-Thore og andre gutar fortel om same svar då dei lukkeleg bryt ut med "Eg er så glad eg ikkje er jente". Eg tykjer dette er eit morosamt fenomen. Me blir nesten sinte på folk sjølv om dei er heit einige med oss.
Eg ler. Det er betre enn å grine.
Glenn-Thore har vore på besøk. Han skaut bilete av meg. Han er flink!

mandag 16. mars 2009

Vener

Nokre vener er så gode at avstand verkeleg ikkje er ei hindring. Då ein møtast er venskapet like sterkt og ein har det like kjekt saman som då ein reiste frå kvarandre sist gong. Ein treng ikkje kome med masse oppdateringar om kva ein gjer for å dekke over ei rar stillheit. Slike vener skal ein sette pris på. Slike vener gjer livet litt betre. Slike vener skal ein passe på.
Slike vener vart me i Villa Nordpolen vitja av forrige helg. Anne-Sophie, Helga og Vibeke.

På Cafè Aura i Marken. Koseleg plass.

Me e alltid seriøse...
Nøgde kunder.

Bowling på Vestkanten.

Me var og på laserzone. Der spring ein rundt med ein sjølvlysande vest og er redd for alt og alle. Du prøvar å skyte motstandarane dine. Du prøvar å ikkje skyte medspelarane dine. Du prøvar å ikkje bli skoten. Litt småparanoid må det vere lov å bli... Spesielt når For ei oppleving. Anbefalast sterkt.

Takk for ei super helg!

onsdag 11. mars 2009

Middagsbesøk

Men fyrst kjem eit par bilete frå Swansea, for det var supert:

Ida!!

Mike er kul.

Eg fekk helse på Winnie the Pooh!

I dag fekk eg besøk heilt frå Tyskland! Min gode ven Hendrik vitja Noreg og Bergen. Og tilstades var trønderen Sivert (og kalla: captain obvious), svensken/karmøybuen Nina Kristiane og Angelique (som eg trur er Bergensar)

Me åt laks stekt i sitronsaft og pinjekjerner, salat og fløytegratinerte poteter. Nam! seier eg berre. Det er lenge sida eg har vore med på å lage så god mat! (Det må seiast at det var Hendrik som sto for laksen)

lørdag 7. mars 2009

Swansea

Hello, peeps!
Swansea is great! I'm loving it here, across the pond. Just dropped by for a quick update.
Eg er hjå Ida!
Å snakke Norsk byrjer å bli litt rart... Merkeleg, medan eg snakkar med Ida heile tida. Tysdag var fyrste dagen min her og eg var med på forelesning om "The romanisation of (einelleraen plass nord i Italia)" D va faktisk ganske spanande og eg lærte ein del. Onsdag gjekk me ut på byen. Me var på ein kul stad som heiter Oseana der dei spelte kul musikk. (Noko eg ikkje er van med. På utestader spelar dei vanlegvis musikk eg ikkje likar) Me dansa altfor mykje og det var kjempekjekt.
Idag sjedde noko eg må fortelje dykk; Se for deg ein lekepark - med rutsjebaner, og mange morosame ting du kan klatre rundt i. Alt med puter så ingen skal slå seg. Ein fredag i månaden er denne open for voksne som vil leke!! Ikkje trygt! Her var eg og Ida i kveld, saman med "the scandinavian society". Eg tenkjer de kan se for dykk meg i mitt rette element! Det var galskap. Folk overalt. Den eine rutsjebanen var så bratt at han gjekk innover... Nokon av dei me var med fann sjokolade inni lekeplassen. Me tenkte: Jippi, gratis sjokolade. Men sjokoladen var stjelt.... Dei trudde naturlegvis me hadde stjelt han. Me blei kasta ut. Av ein lekeplass. Eg ler. Det var morosamt.
Eg storkosar meg i Swansea og har møtt mange kule folk. Savnar dykk heime litt... Men eg kjem snart att!
Hugs from lovely Wales!

søndag 1. mars 2009

Vilvite

Ja, det vil me!
Magadalene og eg tok med våre søsken (Nina Marie og Morten) som var på besøk for å lære meir om alt mogleg. Ok, kanskje det var for å leke og ha det kjekt... Då dagen var ferdig hadde me: spådd været, hoppa i hoppetau, laga demning, drukna rett utanfor ein redningsflåte, mata ein robot, fått ein motor til å fungere, sykla opp ned, lært kor mykje sukker det er i ein halv godt og blandet bit og mykje anna. Utan tvil ein vellukka dag!!
Me fangar dei dryssande prikkane!
Eg kan sykle opp ned. Kan du?
Blir du med på ein køyretur?
Takk for ein flott dag!!