mandag 31. august 2009

Bryllaup nr. 2

Den 1. August var eg og i bryllaup. Denne gongen til Benedicte, mi gode veninne og hennar kjære Christoffar. Utruleg koseleg. Vielsen var nydeleg. Men å kome seg inn i bilen etterpå var ikkje like lett... Det regna, nemleg. Kjolen til Benny kunne jo ikkje bli blaut. Men som om det ikkje var nok, skulle ho sjølvklårt inn i ein litt liten bil... Det heile blei ganske så morosamt!
Christoffer, Benedicte og Caroline
På festen fekk alle jentene vere med på bilete med den nydelege bruden.
Brudeparet.

lørdag 8. august 2009

Bryllaup nr. 1

4. Juli. Ja, det er lenge si, men det bryr eg meg ingenting om, for eg vil fortelje det for det om. Ha. To av mine flotte, kule, søte vener frå Stavanger gifta seg nemleg. Elisabeth og Bjørnar.

Her er dei nygift!

Å ta bilete av så tullete menneskje er ikkje lett, men dei blir jo søte uansett, så det gjer ikkje noko. EliZabeth (eller Hege om du vil) forlovaren og Elisabeth.

Bjørnar (brudgomen for dei som ikkje forsto det) og forlovar Steffen. Steffen er høg. Steffen mobbar meg, men det gjer ikkje noko, for han klarar ikkje å vere slem om han vil ein gong.

Dei hadde tre søte små brudepiker - her er ei av de. Eg trur ho heiter Hanna. Ho trur ho er ei prinsesse.