tirsdag 27. oktober 2009

Utfordrring frå Stina

Eg kan iformere om at Bergen er nydeleg i haustfargar! Det er godt å vere tilbake i byen eg er så gla i. Inntrykka etter praksis er mange og forvirrande, men alt i alt har eg lert masse nytt. Idag på skulen hadde me forelesning av ein finsk døvelærar. Han foreleste på "internasjonalt" teiknspråk, og så oversatte vår døve lærar til Norsk teiknspråk og så var det to som stemmetolkte til Norsk talespråk. Det var kult å se, det! Men eg har fått ei utfordring frå Stina - ei venninde frå korpset, som eg må gjere:
1. Gå inn på mine bilder mappen på pcen.
2. Velg den 4. eller 7. mappa.
3. Finn frem det 4. eller 7. bilde.
4. Legg ut bildet i innlegget og skriv om det.
5. Utfordre 6 andre og gi beskjed til dei du utfordrer
Min kjære og eg på innflyttningsfesten vår. Ikkje det beste biletet av oss må eg seie. Blits + fake smil plar ikkje bli så bra... Men me er jo alltid fine, så det gjer kanskje ikkje så mykje...
Eg utfordrar:
Astri
Natalie
Kristine
Janne
Sophie Mari
Camilla
Viss du er i Bergen og vil leke med meg, så er eg no tilbake og klar for eitkvart

lørdag 10. oktober 2009

Heime på Sola

Det er godt å vere heime på Sola. Fram til no har eg vore med mi kule mor og fått slappa av eindel(og sove alt for mykje). I går (fredag) var me på konsert me "Humming people" eit kristent band. Det var utruleg flinke og underhaldande. Eg storkoste meg!
Heile bandet.
I dag har eg vore supereffektiv. Fyrst lempa eg og mor ved hit og dit. Så køyrde me til morfar og skifta dekk på den eine bilen (som eg punkterte dagen før på vei til morfar... Så no er det hjulet veldig kaputt, og eg kan informere om at det ikkje er kult å køyre med punktert dekk...) Så tusla eg rundt heile huset til morfar med kantklypparen. Det skal her informerast om at morfar har eit stort hus... og ein stor hage. Etter at me forlot ein nøgd morfar gjekk me heim og vaska der. Eg tørkte støv i stova, vaska vindauga med karmar i stova. Vatna alle blomane til mor og Vaskte heile kjøkkenbenken (inkludert under microbølgeovn og diverse andre ting og tang) Kvar får eg energien min frå? Har ikkje peiling!
Men no er Nina Marie og far komen heim frå Polen og Tysklandstur med klassa til Nina Marie. Så då vil eg henge med dei.
Me bloggast :o)