tirsdag 2. desember 2008

O helg med din glede!

Eg har slappa av! kva har skjedd med verda nå eg slapper av i helga? Laurdag var sat eg på rommet mitt og strikka(les:spøda) julegåve og laga julekort. Så kom Janne og Kristine heim frå handletur og eg gjekk heile den lange vegen ner til stova og satt der å strikka medan me spelte Alias med fantasikort, det var utruleg morosamt!
Her kjem unntaket i helga mi, Klokka 11 (framleis laurdag kveld) tenkjer 3 tullete jenter: "Kva skal me gjere no?" Jo, me sett på treningsvideo og trenar... "Effektiv forbrenning" som videoen heiter så fint. Skal det trenast, så skal det trenast... Me satt på 50 min. nivå 2 (av 2) Eg veit ikkje kva somgjorde det, må ha vore noke i vatnet, men der hoppa me rundt i stova som nokre treningsnarkomane tullingar og syns det var ganske kjekt!
Eg trur eg er (om mogleg) blitt meir gal!
Sundag sto eg opp tidleg og gjekk i døvekyrkja. Der tende me det fyrste lys og song med teikn! Det var tri 4-åringer som fekk bok, og video med innhaldet oversett til teiknspråk! Sjølvklårt blei eg på kyrkjekaffi, men så bar det rett heim, for me hadde planlagt juleverkstad heime i Villa Nordpolen. Fyrst laga me eit pepperkakehus som vart litt øydelagt, men det går ikkje ann å sjå det, for det er på baksida. Eg må seie at eg er djupt imponert over at me fekk det til å stå...
Etterpå vart det marsipanfigurlaging - og det er kjekt det! Me hadde til og med konditorfargar (raud og grønn).
Så satt me i 7 timar (!) å laga julekort - så nå blir vår vener og kjente gla! Det var utruleg koseleg å sitje i stova med bordet stappa av scrappeting og sakser og lys og aviser og farga ark og snømenn og nissar og englar og juletrær med to supre vener og prate om alt og ingenting! Det einaste minuset var at eg berre laga 5 julekort... På 7 timar... Er det mogleg? Jaja, det får så vere.
Ein siste gladnyheit: Eg fekk mld. på It's learning:
"Du har bestått forprøven i mappeoppgave "Røvere i Kardemommeby" Hilsen Kristin Fuglås Våge"
Så få ord - så stor glede! Eg er glad!
God Jul!!!

7 kommentarer:

Anonym sa...

eg og har strikka i helgaa! eg jobbe paa en hatt, men det e vanskelig, saa eg trenge hjelp av mamma, og det gaar iche saa bra.. hehe! maatte ta opp heile greiaa et par gange. ;)
me hadde langhelg her i USA - thanksgiving. koselig tradisjon kor alle reise hjem og spise en god og stor middag paa torsdagen og bare kose seg. saa det gjor eg!
ha en flott desember! (har du julekalender? d har eg, for min mamma e fantastisk :D)

Natalie sa...

hei søta:)
høyres ut som ei konge helg:) og ej kan virkelig sjå dåkke for mej i treningsøkta den laurdagskveld/natta:) må la mej få joine neste gang - hihi!
snakkast i kveld:)

Siri Beate sa...

Frøè: Så kult!! Åh, thanksgiving virke så koseligt - har så lyst å ver me på d ein gong! Jepp, eg har julekalender... Så eg har kjypt sjøl for 7kr....

Men så har me i huset (bor me to veninner) lagt kalender t kverandre (kjøpt småting, så me trekke kver deg) d e jo kjempekos, då!

Anonym sa...

Hallaisen:)
Det virka kjeeempekosli ut med juleverksted!! Ej me vil!! NESTE ÅR??? ;D
At korta tek tid, veit ej ALT om!! KAn sete ein heil kveld med ETT kort ej;)
Men det kortet ej fikk med dej va kjempefint! Ej blei sooo glad!! TAKKTAKK!!!
Blei inspirert til å lage julekort og gi til venna ej oxo, so det ska ej prøve å få tid til innimellom eksamensmaset:)

Ha en fin kveld!
*klem*

Marianne sa...

va da ikkje godt å slappa av for ein gong skyld då??? Eg trur faktisk at da går an å kun laga 5 julekort i løpet av 7 tima.... kjem jo litt an på kor masse arbei du ligg i dei!!

Anonym sa...

Hei snuuups:)
Det ligge nokke på sida mi til dej. Det e til og med fransk, eller spansk. Ej veit ikkje.
Men stikk og hent det da, om du tørr;)

Klem

Christina sa...

Tusen takk for nydelig julekort!!:D<3