mandag 8. desember 2008

Jul på Nordpolen

For dei av dykk som ikkje forsto overskrifta så er huset vårt døypt "Villa Nordpolen" grunna kulde... Kristine, Janne og eg tek ikkje jula med eit skuldertrekk! Neida!! Her snakkar me Pepperkakehus (som me har lima saman og pynta sjølv), marsipanfigurar (som pyntar opp pepperkakehuset) julestjerne i vindauget, raude og lilla teljos i heile stova, julestjerne (sånn blomst), svivel (ein anna blomst), grøne ljos langs gelenderet (mitt bidrag! men det er berre eg som likar dei medan dei er litt "over the topp" på godt Norsk... Dei har diverre ikkje vore tennde...) og adventskrans med kubbeljos. Og me har pakkekalender!! Eg elskar JUL!
Det lettare deprimerte juletreet heilt til høyre er ein av mine kreasjonar...
Og som om ikkje alt dette vakre var nok har me til og med hatt julekortverkstad - eller noko sånn... Me laga kort leeenge - og det var kanonkoseleg. Berre sjå sjølv:

Så viss nokon treng litt julestemning må de skynde dykk å kome på besøk - for nå er det ikkje lenge til me reiser heim!

5 kommentarer:

Natalie sa...

Ej kjem, ej kjem! Så koselig d va me dåkke! :)

Anonym sa...

Spelekveld eller nokke? :)
Ej oxo kjem!!.. Om så bare for å lukte jula dokka, ikkje måte på kor flinke dokke e å pynte da!!
Ej synst juletreet ditt va søtt ej, det hadde smakt godt vertfall.. Ring mej når dokke ska knuse pepperkakehuset da!!

kristine sa...

svibel:P hehe..
kosli hus du bor i :P

Marianne sa...

så kosli!!!!!
trur da einaste tegne eg har på at da nærme seg jul e ein adventsstjerna i vinduet!!
juletreet ditt va ikkje deprimerane, da va skjønt!! (so da so!!)

Christina sa...

Næmmen svarte banan og brune eple!! Hvorfor viste jeg ikke dette, og kom på besøk før tiden løp i fra oss??:O
Best for deg det er like koselig rundt påsketider! ;P