fredag 18. desember 2009

Flying home for christmas

Ja, no er eg heime på Grannes igjen og det er godt for kropp og sjel! Eg merkar at eg vennar meg fort til å stå opp seint og gjere lite. Men eg har ikkje berre lata meg. På tirsdag hadde me julebord me cellegruppa vår(ca. det same som Bibelgruppe for dei som ikkje er inne i sjargongen) og Inger hadde laga kanongo middag og flytande sjokoladekake som me nesten ikkje klarte å ete for maten var så god.
Benedicte & Cecilie.
Elizabeth & Benedicte.
Då eg kom heim var dopapirholdaren øydelagd. Dei fleste ville ikkje brydd seg særleg om dette, berre satt dopapiret på golvet til ein får kjøpt ny. Men min familie er sjeldan blandt "dei fleste". Dette biletet må vere min familie i eit nøteskal. Har du sett T-skjorta: "What would McGyver do?"? Dette er det familien Larsen would do:

Verdas kulaste syster. Me er verkeleg vakre! Ikkje rart Nina Marie har fått seg kjærast.

Du må ha det supert der du er!

torsdag 10. desember 2009

Piratfest

Hjå Magdalene på fredag var leiligheta hennar gjort om til ei sjørøvarskute. Og skuta var full av bade gull og piratar. Klementiner og fiskepinnar var og viktige elementer då piratane ikkje måtte lide av mangelsykdomar grunna C-vitaminmangel og måtte få ete fisk. Om det var fiskepinnar piratane åt er uvisst, men fisk var det!
Blei du redd, no?
Christine.
Ina(de ser Jack Sparrow-stilen...?)
Eg fann gull.
Alle saman(utenom min kjære, som tek biletet)

fredag 4. desember 2009

Julekonsert med Laudate

Me var velkeleg flinke. Konserten var i kafèen i Salem, og eg har aldri sett så monge folk der før, det var heilt fullt. Det var utruleg kjekt.

Sei: aaaaa...

Åsne syng "Himlen i min favn". Nydeleg.

Camilla var ganske nøgd.

Eg var ganske nøgd med frisyren min, så eg måtte ta eit skrytebilete.