torsdag 3. juni 2010

17. Mai

Var utruleg kjekt.
Eg hadde ein superduper dag. Fyrst åt me frukost i Salem. Der var det mykje god mat og herlege menneskje. Så gjekk me i tog. Eg gjekk me Laudate. Me gjekk bak Salem. Me sang mykje og var fine. Etter toget sat me i Salem og åt kaker og drakk brus og snakka med mange kjekke folk. Etter det vart det bileteskyting for å dokumentere kor fine me er. Me kjøpte sukkerspinn før meg og Glenn-Thore måtte heim å slappe av litt. Og Siri Beate måtte skifte sko for dei ho gjekk me hadde skaffa henne ikkje mindre enn fire gnagsår... Eit av dei dekka heile oversida av tåa... Det var ikkje behageleg. Etter ein pause heime gjekk me å åt middag på Bryggeloftet og Stuene. Dei har kjempegod mat. Me var med BEAST (BErgen Akademiske og Sosiale Tegnspråkforum). Det var koseleg. De kjenner meg; Her kjem bilete frå den herlege dagen:
Frukost. Viktig å ta bilete av ein sjølv. Sandra og Camilla.
Me leiter etter toget. Jan Idar og Ingvild. Finingane.
Sandra har flagg.
Camilla.
Så fann eg Laudate. Solveig er nasjonalistisk.
Posering. Me er fine.
Tøffe gutar. Kristian og Glenn-Thore.
Me er fine. Diverre har eg ikkje bunaden min på meg. Dette fordi eg gløymde han (ho?) heime. Det er teit. Difor kjøpte eg meg ny kjole til 17. Mai. Eg er nøgd.