mandag 17. november 2008

Mappeoppgåve

...er keisamt å jobbe med. Sjølv om denne er på teiknspråk (les: ti gonger kjekkare enn skriftleg). Å blogge e mykje meir spanande...!
Meg og Janne gjekk tur i går. Konklusjonen er at Bergen er ein fin by! Heldigvis (for dykk) tok eg med meg kameraet mitt! Det er nok litt betre å sjå det sjølv enn å lese mi beskriving...

Det er ikkje kvar dag du får sjå byen slik (les: eg er for lat) Viss de lurar på korr me var, så må de spørre Janne. Eg veit at me gjekk mot byen og altfor mykje opp...

No sit eg her og drøymer om

Eg har kaffi. Men eg drøymer om skikkeleg kyrkjekaffikaffi. Sånn som er laga med kjærleik. Sånn som hentar fram gode minner frå mi bedehussjel. Når eg brukar den rare tingen inni hovudet mitt nokon likar å kalle hjerne, så veit eg at kyrkjekaffikaffi ikkje er god (les: Døvekyrkja er den einaste som har god kaffi - dei har skremmande god kaffi) Men det er ikkje sjølve kaffien som er viktig, men alt han førar med seg. Så det er så lett å sjå forbi den merkelege, småbeiske smaken.

Eg seier Halleluja for kyrkjekaffikaffi.

Og buu til Kasper og Jesper og Jonatan. Det hadde eg aldri trudd om meg sjølv, men det blir litt for mykje av det gode når du sit å stirrar på ein kort tekst om dei i fleire timar og prøvar å tenkje på lure teiknspråklege grep... Med min kunnskap, som ikkje er den beste. (les: eg vonar eg trygt kan leggje til eit enno) Eg drøymer om TMFOKar og kva som ville skje om ingen lokaliserte.

Det som eg ganske morosamt er at eg etter ein dag på skulen eller ein kveld på teiknspråkkafèen plutseleg tek meg sjølv i å tru at alle kan teiknspråk. Og viss då nokon snakkar til meg blir eg heilt forskrekka og stykk til før eg mumlar eit svar. Eller så byrjar eg å teikne til nokon som då ser forskrekka på meg. Verda er ein morosam stad.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ingenting slær bedehuskaffien, lenge sida ej he smakt kyrkjekaffien når ej tenke mej om.. Hmm, på tide å gå på gudstjeneste ja:)

Ej bruka å sei at bedehuskaffien e velsigna god ;) høhø..

Marianne sa...

kjenne meg så godt igjen! TMFOKa og lokalisasjon svirre rundt i håve mitt te alle døgnets tie..... og koffor kan ikkje alle berre snakka tegnspråk??

Camilla sa...

"Døvekyrkja er den einaste som har god kaffi" Føler meg nesten litt sitert;) Men, enig! Den er god den. Og kirkekaffe er en koselig ting!

Hehe, jeg lo med tanken på hva som ville skje dersom ingen brukte lokalisasjon! For en verden... forvirrende! Selv om lokalisasjon kan være litt forvirrende for mitt utrente tegnspråkhode, hadde det nok vært enda mer forvirrende uten!

Siri Beate sa...

Astri: Du kan ver me i døvekjerkå me meg ein gong viss du vil!! (d e tilrettelagt for hørane)

Camilla: Hehe, ja du va i mine tanker. Ta d som et kompliment - eg e enige me deg ;o)

Marianne sa...

ein verden uten lokalisasjon hadde ikkje fungert!!!