fredag 30. januar 2009

Bilete

Grete Kristin
Linn Helen
Christina
Nina Marie - mi vakre syster (det ligg i familien)
Utsikt frå altanen heime på Sola

søndag 25. januar 2009

"Back" in Bergen

Eg byrjer å få tilbake livet mitt... Eg har vore i Bergen i tre veker no, men føler eg nett har begynt å vere sosial...
Dette kjem av det naturlige orsak at eg fyrst jobba med heimeeksamen i to veker, for så å reise til Ål ei heil veke... Men no har eg vore i døvekyrka, på kafè og heime hos ein anna person enn meg sjølv! Hurra! No gler eg meg til kvardagens kjas og mas!! Kvardag er ein fin ting. Sjølv om det somme tider (somti...) er litt keisamt, så er det litt godt og! Det skal bli spanande å byrje på ein "ny skule" - me skal bytte bygg - me forlet lærarskulen og får vår eigen etasje for oss sjølv i Møllendalsveien.
Så no, alle saman kjem eg att til det vanlege livet i Bergen.
Eit par bilete frå turen vår til Ål:
Me lagar ein M

Teiknet for "samanheng"

lørdag 17. januar 2009

Eksamen er levert!!!

Dei to siste vekene har eg levt i ei fin lita boble - verre enn folkehøgskulebobla... Eg har opplevd nye spanande sider ved meg sjølv og alt det der. Men kva har eg egentleg gjort - undrar du kanskje. Eg har mellom anna
  • Vært inne i huset samanhengane i 75 timar, før eg bevegde meg utanfor døra
  • Drukke utallige mengdar kaffi
  • Jobba saman med gruppa i 19 timar i strekk
  • Tatt/vore med på ca 500 bilder
  • Vore på butikken berre to gongar
  • Lest ca 200 sider pensum
  • Vore vekke frå huset i nesten to døgn (utan å seie ifrå til mine stakkars vener eg bur med (unnskyld, igjen))
  • Sett ein heil sesong Ally McBeal
  • Vore med Camilla i 44 timar samanhengande
  • Skrive oppgåve på ein bar
  • Lagt meg 06:45 og neste dag stått opp 06:45

Når ein jobbar så mykje saman seier ein ofte litt morosame ting Her kjem nokre glimt frå eksamensgruppa mi:

"Skal jeg lukte på øya dine hva du mener, elle?" -Magdalene

"Sånn grønn banan, vettu" - Camilla om agurk

"Knut og Magdalene - the love story" -Magdalene (det skal her seiast at Knut er ein båndopptakar)

"Akkuratt som Stratos, bare me kjøtt - smelte på tunga" -Camilla om kalkunskinke

"Eksamen eige ås" -Grete Kristin "Mi eie ksamen" -Camilla

"Det blei søndertrørlandsk" Siri Beate om Grete Kristin sitt forsøk på å pate Camilla si dialekt

"Eg lure på om eg ska ha meg ein Cappuchino - jaffal ikkje noge me kaffi" -Siri Beate

"Mennesker, altså. Irriterane momenter" -Siri Beate "Ja, d e du" -Camilla utan å nøle

"Jeg rodde ikke engang, jeg satte på påhengsmotor'n" -Magdalene

"Hva e greia me å drøfte, liksom" -Camilla etter en hel dag med drøfting

Eg droppa dei sitata som berre er morsame for oss i gruppa... Men no er eksamen over. I går gav me frå oss dei 27 sidene om "Forskjellar og likheter mellom tegnspråk og talespråk" og det var ein euforisk kjensle. Heile verda hang på skuldrene mine, men nå er han der ikkje lenger.

Vegen gjekk rett til Friday's der me åt middaglunsj med dessert! Det var fantasteg godt og utuleg koseleg. Men nå kjem det sjukaste: Etterpå blei eg med Camilla på shopping!!! Eg! Eg er ikkje så veldigt glad i å shoppe, og når eg fyrst gjer det finn eg ingenting. Men eg fann meg to dongribukser, sko, genser, singlet og bolero = 740kr. Eg likar salg!

Som om ikkje dette var nok kom eg heim til vaffler, is og spelekveld! Konklusjonen må vere at eg har det fint. Livet er bra.

No er eg klar til å reise til Ål. Hasta lavista Bergen i ei veke! Gler meg. Spesielt til å komme inn i teiknspråken igjen - følar alle teikna stokkar seg for meg...

Ha ein super dag!

tirsdag 13. januar 2009

Play the game

Eg likte dette. Fann det på anletboka, men gjer det opp at her, det var så kjekt å gjere!

*Put your iTunes on Shuffle.

*For each question, press the next button to get your answer.

*You must write down the name of the song no matter how silly it sounds!

If someone says, “Is this okay?” You say?: Guddommelig ide

How would you describe yourself?: Witches hat

What do you like in a guy/girl?: The night comes down

How do you feel today?: Romeo

What is your life’s purpose?: Cosmic Girl

What is your motto?: A letter to Elise

What do your friends think of you?: I want you

What do you think of your parents?: Fools hall of fame

What do you think about very often?: I'm like a bird

What is 2 + 2?: Oddjob

What do you think of your best friend?: I just died in your arms tonight

What do you think of the person you like?: The broken pledge

What is your life story?: Grease lightning

What do you want to be when you grow up?: Solitude

What do you think of when you see the person you like?: The anthem

What will you dance to at your wedding?: Samme hva j jr på

What will they play at your funeral?: That old wheel

What is your hobby/interest?: Get together

What is your biggest fear?: Memory

What is your biggest secret?: Complicated

What do you think of your friends?: Beast of burden

What will you post this as?: Play the game

søndag 11. januar 2009

Eksamenspause

Nyttårsgalla.
God mat. Vakre menneske. Masker. Gode samtalar.
Eg hadde ein vidunderleg kveld. I byrjinga merka eg godt at det er ein månad sidan eg har prata teiknspråk, men det forsvann litt etter litt. Meg og Magdalene dansa. Mykje. Det er lenge si eg har dansa så mykje. Me brydde oss absolutt ingenting om alle menneskjene. Me danste akkuratt sånn som me følte for. "Lost in the moment" på godt Norsk... Midt i dansinga trødde eg på eit glasskår. Men istadenfor å fikse det med ein gong dansa eg berre vidare. Det var ikkje så smart, for glassbiten hadde satt seg fast inni foten min, så eg dansa såret djupare... Nå trur d kanskje at eg har eit stort sår undder foten, men det var ikkje store biten. Det berre svir litt når eg går... Saman med vannblemma eg fekk (og grunna dansing) vert dei ei slags påminning om kor kjekt eg hadde det.
Her kjem nokre bilete:
Maska er på og eg er klar til å gå.
Eg fann Iselin

Nyforelska...

onsdag 7. januar 2009

Takk!

Gud har ein fantastisk evne til å minne meg på om og om igjen, kvar gong eg pratar med han, kor høgt han elskar meg. Kvifor? Fordi eg treng det! Det er skremmande fascinerande at uansett kor mange gonger eg bestemmer meg for, ber Ham om hjelp til, veit, trur at eg skal sleppe Gud meir inn i livet mitt. Og då pratar eg om den viktigaste delen av livet mitt. Den der han kan, vil og gjer mest i menneskje sitt liv. Kvardagen deira/min. Eg får det ikkje til. Ikkje lenge. Eg vil, men eg klarar det ikkje. Og igjen må Gud minne meg på kor høgt han elskar meg og at han er der. Klar. Før eg kjem att. Han er her for meg heile tida. Konstant. Gud brukar ikkje punktum. Det som gjer det ennå meir fantastisk er at det ikkje berre gjeld meg. Han elskar deg like høgt. Elska er det skumlaste ordet eg veit om. Men med Gud har eg funne ut at det er sant. Han elskar oss med ein kjærleik eg ikkje tørr tenkje på. Eg har sjelden funne ein meir passande stad for denne songen:
«Her er eg igjen, o Gud. Eg håpar det er greit. Som oftast brukar eg å be den lista som du veit, men no kjem eg for å sei deg noko du sa først til meg. Du skal få høyra at eg elskar deg. Eg elskar deg. Eg er redd for sterke ord. Men eg vil så gjerne bruka dei, for gleda er så stor. Eg elskar deg, ingen kjærleik er som din. Eg ville berre sei eg elskar deg Eg har tenkt på bodet ditt, å elska Herren Gud med hjarta sjela vitet mitt, men sanninga veit du. Gud eg klarar ikkje elska deg, for eg sjølv vil vera størst. Kun om eg mottek kjærleik frå deg først. Kan eg våga sei Eg elskar deg. Eg er redd for sterke ord. Men eg vil så gjerne bruka dei, for gleda er så stor. Eg elskar deg, ingen kjærleik er som din. Eg ville berre sei eg elskar deg» -Bjarte Leithaug

tirsdag 6. januar 2009

Effektivt arbeid...

Magdalene kom til meg tidleg idag, fordi me har heimeeksamen og då er det lurt å jobbe mykje! Me var ganske flinke ei god stund og fekk skrive intelligente ting. Men så fann me webcam... Det var mykje kjekkare enn eksamensjobbing....
Her kjem noke fakta om meg og Magdalene...:
Me er utruleg vakre!
Me er ikkje heilt komt over fjortisfasen.
Me er store i kjeften.
Me er gode vener, så me passar på kvarandre!
Eg vonar Camilla og Grete Kristin ikkje drep oss, når d les dette, men heller ler og tykjer me er søte... Ein må kunne unne seg nokre pausar frå tenking (og frå bokmål, for den saks skyld...)

søndag 4. januar 2009

Herleg ferie

Eg var på JuleJule for fyrste gong (julefest i misjonskirken)
Hjerteleg latter!

Gode vener.

Eg og nokre av mine vener plar samlast hjå Leffy kvar litle julaft til frukost og juletrepynting. Iår var inga unntak. Me kom til Leffy halv 9 (eg trur ikkje det var Leffy som bestemte tida, då han var utruleg trøyt då han møtte oss i døra) Me stelte i stand god frukost med egg og bacon. Alle fekk forskjellig kopp. Etter frukosten pynta me treet deira. Dette gjer me kvart år. Kvart år får me beskjed frå mor til Leffy om å ikkje bruke all julepynten. Kvart år brukar me all julepynten. I år putta me på litt ekstra pynt som me fann. Mellom anna to dinosaurar og eit jagarfly! Er det jul, så er det jul...

Julepynt...
Ein nøgd Jostein.
Glenn-Thore har vore på besøk. Eg fekk nyttårskyss. Me har vore på kafè og på kino(Max Manus MÅ sjåast!!) Me har spelt Wii (Som no befinner seg i Bergen, hurra)
Eg er glad. Eg er i Bergen. No kan heimeeksamen berre byrje. Og det gjer han om han kan eller ei. Eg gler meg til eit nytt semester.

Jul

Kva er eigentleg jul? Eg såg Schreks jul i ferien. Han kjøpar ei bok som heiter: "Christmas for village dummies" Her står alt om korleis ein skal feire jul og alt som skal ordas til. Og før jul susar me rundt og lagar julekort, vaskar huset, drar eit tre inn i stua og pyntar det (dette tykjer eg er litt sært - tenk på det...) reisar hit og dit, styrar og stellar, men for kva? Kvifor? Jula har mista poenget! Alle er så opptekne av å sture med å finne flotte gavar til kvarandre at me gløymer den viktigste gaven. Den viktigste gaven kjem frå Gud. Han gav oss son sin. Det er stort, det.
"Allerede da han lå i krybben,
var Guds plan og vilje meget klar
Jesus kom hit ned til jorden for å gi sitt liv
Ja, han ble julegaven ifra Gud, vår far"
"Julegaven" - Ole Børud