lørdag 18. juli 2009

Båt & Bibel dag 9

Dagens:
Bilde:
Dyktige danserar. Ikkje tru at gamle ikkje kan!
Person:
Lisa. Ikkje berre kan ho spele piano - ho kan og male menneskje i anletet. Ho var vår ekspertmalar på misjonstivoliet idag.
Ord:
"Framfor alt skal dere elske hverandre inderlig, for kjærligheten dekker over en rekke synder." -1. Peter 4,8
Gruppe:

Flinke jenter!!

fredag 17. juli 2009

Båt & Bibel dag 8

Dagens:
Bilde:
Even i spranget. Terje og Christoffer bak.
Person:
Reservekommentator Ruben
Ord:
"Jeg vil love Herren så lenge jeg lever, og synge for min Gud så lenge jeg er til." -Salme 146,2
Hund:
Simba.

torsdag 16. juli 2009

Båt & Bibel dag 7

Dagens:
Bilde:
Thaidans er ikkje noko problem for tøffe gutar. Stig, Kristian og Even.
Person:
Eg veit ikkje kva den kule guten heiter, men han har poseringa inne, så eg tippar han bler modell når han bler stor...
Ord:
"For i håpet er vi frelst. Et håp som en alt ser oppfylt, er ikke noe håp. Hvordan kan noen håpe på det han ser?" -Romerne 8,24
Godord:
"Det er ikke en stor tro vi trenger, men troen på en stor Gud"
Kaffekos:
Idag var det is med kaffen, og det blei godt motteke.

onsdag 15. juli 2009

Båt & Bibel dag 6

Dagens:
Bilde:
Vinnerane av 50-leken, beste song. Frå venstre; Marthe, Anna, Åsne, Helene & Malene
Person:
Ingvald, som er ein reser på Ole Jakob.
Ord:
"Ha Gud som forbilde, dere elskede barn" Efeserne 5,1
Lag:
Dame-/jentelaget vann "Bede for bede".

Båt & Bibel dag 5

Dagens:
Bilde:
Kule dansejenter.
Person:
Sondre som syng: "I feel good"
Ord:
"Det er ikke alderen som gir visdom, de gamle vet ikke alltid hva som er rett." -Job 32,9
Diabloere:
Conrad & Eskil

tirsdag 14. juli 2009

Båt & Bibel dag 4

Dagens:
Bilde:
Fordi me er hoppande glade.
Person:
Andreas var så snill å bere meg i skogen - det må ein få cred for, tykkjer eg.
Ord:
"Gled dere på den dagen og hopp av fryd, stor er den lønn dere har i himmelen." -Lukas 6,23
Lek:
Klappelek. Her ved Anna og Oli.

søndag 12. juli 2009

Båt & Bibel dag 3

Dagens:
Bilde:
Fokus er ikkje lett, alltid...
Person:
Arne som her spring på paller over vatnet.
Ord:
"Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din forstand" -Matteus 22,37
Sjarmtroll:
Borna på leiren syng saman med seven-jentene.

lørdag 11. juli 2009

Båt & Bibel dag 2

Dagens:
Bilde:
Trillebårtur kunne ein betale seg til idag. Her er det Hans Olav som spring.
Person:
Anna. Ein av dei frivillige til å bli kasta våte svampar på...
Ord:
"Han er jo ikke langt borte fra en eneste av oss. For det er i Ham vi lever, beveger oss og er til" -Apostlenes gjerninger 17, 27b-28a
Shot:
Popkornrestar i malingsvann... Cred til Ingeborg.

fredag 10. juli 2009

Båt & Bibel dag 1

Dagens:
Bilde:
Tore sett opp antenna til den veldig lokale radio Tangen
Person:
Lars Sigurd. Her midt i sin utføring av "I feel good".
Ord:
"De holdt sammen, og hver dag samlet de seg trofast på tempelplassen; i hjemmene brøt de brødet, og de spiste sammen med oppriktig og inderlig glede. De lovet Gud, og alle satte pris på dem. Hver dag ble nye mennesker frelst, og Herren la dem til i menigheten." -Apostlenes gjerninger 2,46-47
Lek:

Ballstafett

Furutangen Båt og Bibel

I år er det mitt 15. år på denne familieleiren. Nå har me nettopp komt ut til vakre Randøy og er klar for ti dagar med kjekke aktivitetar, Jesus og gode vener. Eg skal legge ut bilete frå kvar dag på leiren. Så det er berre å følje med viss du vil :o) Med det seier eg;
Velkommen til:

onsdag 8. juli 2009

Preikestolen

Det var ein gong 7 tullete jenter som skulle vise to gutar frå det store utland preikestolen. Dei sat seg i to bilar og køyrde glade og nøgde til botn av fjellet. Her tok dei fatt på oppstigningen med freidig Norsk mot. Dei vandra langt om lenge og lenger enn langt. Då byrja dei to gutane å røykje. Dette tykjte ikkje jentene noko om. Men då gutane sa at dei kunne både røkje og springe opp fjellet måtte det bevisast. Og rett hadde dei, men slitne vart dei. Svetten byrja å renne på alle ni ryggane, men motet var oppe, og alle song og koste seg. (Det er uvisst om andre medvandrerar tykjte det same, men det spekulerar ein ikkje i i eit eventyr, gjer ein vel?) Omsider kom dei stolte opp til toppen og kunne se ned dei 604 meterane til vatnet. Det er langt. Nokre våghalsar sat med beina utforbi, medan andre heldt seg longt frå kanten.
Men våre barske vikingjenter med følge stoppa ikkje her. Opp på ein ekstra topp, for å få ekstra utsikt var som prikken over i-en.
Å miste kameraet ned fjellsida tok Mari seg av. Det ga oss andre gleda av å peke å le. Før ferda gjekk ned att frå fjellet gav me eit siste farvel med å (på godt Norsk...)moone på preikestolen. Det er det nok ikkje så mange som har gjort. Dei stolte vandrarane satte så turen ned att med hopp og sprett.(Og ein liten tissepause som blei filma...) Etter ei stund var alle knea mørbanka og alle ryggar svette, så då tok dei som var så smarte å hadde med seg badetøy ein dukkert. Me andre såg på før me vende nasen heim att.
Og slik var soga om Norddamene som tok med seg Engelskmenn på fjelltur.
Peace out (fred ut)

fredag 3. juli 2009

Eit par bilete, berre

Då Ida, Inga, Hanne og eg skulle ned å se på bålet på St.Hans gjekk alle dei andre motsatt vei... Moroa var over, bålet var fordunsta og me tenkte; Kva gjer me no? Og svaret blei som det ofte blir med desse tullete menneskja; Photoshoot, sjølvklårt :o)
Inga
Ida
Meg
Hanne
Gode vener.