fredag 14. november 2008

Regn

Eg er glad i regn.
Haha, tenkjer du - men det er sant. Utan regn døyr me, alle veit dette men kvifor gløymer me det og blir sure og triste av regnet? Fordi me blir blaute. Men kva er problemet med det? eg veit ikkje korleis det er med dykk, men eg eg skapt vatntett.
Eg likar å gå i regnet med støvlar og paraply. Å ha god tid, og gå å sjå ut på regnet frå mi litle boble inni paraplyen. Min paraply er sjokkoransj og gjennomsikteg, så då kan eg sjå dråpane dette på hovudet mitt utan at eg blir blaut. Regnet skapar ein roleg atmosfære. Midt i plaskinga, sildringa og stressa menneskje som spring fram og att er det ei ro som eg likar.
Men det beste er å danse i regnet.
Korleis kan det bli bedre? Å berre la vatndråpane renne ner langs kinna. Å hoppe i pyttar. Å snurre rundt og rundt til du blir ør og svimmel. Å kjenne vinden ruskar. Å ta ein lang varm dusj. Det er ei så befriande kjensle, eg forstår ikkje kvifor me ikkje dansar meir i regnet.
Bra ting med regn:
  • Sildringa
  • Morosame menneskje som prøver å bli så lite blaute som mogleg - men endar opp med å bli meir blaute...
  • Paraplyar
  • Støvlar
  • Lukta av blaut asfalt.
  • Du kan pakke deg inn i så mykje kler du vil.
  • Du treng ikkje se fin ut - håret/sminke blir blaut etter to sekund uansett...
  • Du kan sitje inne med ein god kopp kakao med god samvit.
  • Lubber
  • Det er fint å sjå på
  • Alle dei ulike regntypane (det sluttar aldri å fascinere meg kor mange forskjellige variantar regn kjem i)
  • Pyttar ein kan hoppa i

Det beste regnet er yr om morgonen. Når det ikkje er nokon vind og lufta smakar friskt. Dråpane er så små at du undrar på om dei er dråpar og du kjenner at verda eigentleg er fin! At sjølv om du ikkje ville stå opp og gå ut i gru for kulda, så er det heilt greit. Du pustar inn den nydelege lufta og det kjenst som du er på ein fjelltopp.

En er en, og to er to -

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak, vi drypper på tag,

tik tak, det regner idag.

Regn, regn, regn, regn,

øsende regn,

pøsende regn,

regn, regn, regn, regn,

deilig og vådt

deilig og råt!

En er en, og to er to -

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak,vi drypper på tag,

tik tak,det regner idag.

-Sigbjørn Obsfelder

2 kommentarer:

Camilla sa...

ENIG!!! Regn er bra! Regn er gøy! Liker høst og regn=) Og dessuten; hvis det aldri regnet hadde vi ikke satt så stor pris på finværet heller... Det diktet har vi på utgangsdøra vår! Passer bra, synes jeg!

Marianne sa...

eg og like regn!! gå tur i kjempemasse regn :D