mandag 10. november 2008

Min kjære på besøk

Fredag var ein fin dag!
Glenn-Thore var nettopp komt og me gjekk hand i hand til skulen. Der fortalde me elevane kverandre eventyr på teiknspråk - det er kult. Så viss nokon vil høyre/sjå dei tre bukkene bruse på teiknspråk, så berre sei ifrå. Vel heime fekk me besøk av Irèn - tanta til Glenn-Thore og borna hennar. Koseleg.
Me er blitt litt lei av å berre ete heime, så me gjekk ut og åt på Egon! Og gjett om det var godt... Og gjett om det var koseleg... Og gjett om eg hadde det fint... Etter middagen var planen å gå heim og sjå film - men så kom min geniale kjærast på at me kunne gå på kino. Me vandra (eigentleg vil eg bruke ordet meander - for det var det me gjorde, men det fins ikkje eit norsk ord for det...) til kinoen og kjøpte bilettar, men trur du ikkje det var to timar til filmen begynte... Joda. Men me gjekk på Brunello og det var ingen dum idè (les: det var min idè)
Då var me blitt varme i magane våre og tusla (det er eit kult ord) til kinoen og såg Mamma mia! Den er kjekk den!! Eg ler.
Laurdag gløymer me å ete middag... Det er ikkje lurt. Eg er på konsert med Trang fødsel og Odd Nordstoga. Dei er kule. Vel heime et me middag medan me ser pianisten. Triste, triste utroleg gode filmen.
Søndag var planen å gå tur. Me gjekk ikkje tur. Me er ikkje så gode på planar, Glenn-Thore og eg. Men me ser film. Grease. Kvelden består av harde trebenkjar, gode vener og fin musikk. Nemleg håpkonserten i Johanneskyrkja, med Janne, Kristine, Christoffer og Anne med Christine Guldbrandsen, Heine Totland og Nathalie eit eller anna. Flinke, flinke musikarane! Heine Totland er kul. Han sang "Bohemian Rhapsody". Det tok av. Han sa i starten at det ikkje kunne bli bra medan han ikkje hadde gitar eller trommer, eller bass, eller kor... Men det var utruleg morosamt og kult. Han sang gitarsoloen! Eg lo og eg smila gjennom heile songen! Etter konserten gjekk me på Comma og fekk oss kaffi og ein god prat.
For ei helg! Eg er glad.

6 kommentarer:

Camilla sa...

Å hvis noen vil "høre" Rødhette og Ulven er det også bare å gi beskjed=)

Gjetter at maten på Egon var god=)
Gjetter at det var koselig=)
Og gjetter at dere hadde det fint=)

Natalie sa...

ej vil høyre eventyret ditt, siri-b!! eller sjå?

Marianne sa...

så kosli!! blir gla når folk e gla:D

Marianne sa...

så kosli!! blir gla når folk e gla:D

Anonym sa...

hei! horres jo ut som en konge helg!
eg bler heilt gla bare av aa lesa det! :)

Siri Beate sa...

:o)

Natalie: No problem ;o)