søndag 26. oktober 2008

Joy.

Monge menneskje som automatisk bevegar seg i sirklar, born i fargerike klede, jenter i rosa hjelmar, stadige nestenkrasj - kva er dette?
Jo, det er sjølvklårt det du møtar når du går inn i ein ishall for å stå på skøyter.
Det var nemleg det Janne, Kristine, Vibeke og eg gjorde i dag! Det var utruleg kjekt. Ikkje alle på isen var like gode - halve gleda var å sjå på alle dei spanande og morosame menneskja. Det kom nokon som var utruleg flinke - dei tok piruettar og foten opp til hovudet... på skøyter! Eg kan stå på ein fot ganske lenge, og må seie eg er litt stolt over det... Jaja...
I tillegg til å gå på skøyter spelte me curling. Det var kjekt, det!! Kan ikkje seie at me kunne reglene, men det gjer ingenting, me kosa oss. Eg syns noko av det kjekkaste var å skli bortetter bana på dei kule "skoa" og prøve å halde balansen. Hadde berre eit par, ti fall...
Takk for ein super dag, jenter - de er kule!

2 kommentarer:

Natalie sa...

oiiii! curling!
ej he alltid tenkt at dersom ej sku blitt ol-mester, så ha d måtta blitt i curling..

Siri Beate sa...

Ja, du trenge på ein måde ikkje å ver så fysisk trente!! Eg ser den!!