fredag 29. mai 2009

Stolt

Eg er utruleg glad i Grease. Det er ein fantastisk film og eg storkosar meg kvar gong eg ser han. Dette diverre til forarging for dei som ser han saman med meg, då eg alltid syng og snakkar med... Difor utfordra Sivert meg til å sjå heile Grease utan å seie (med og utan lyd) replikkane, utan å synge med og utan å digge til musikken (eg fekk lov på ein song...) Hvis eg klarte det skulle han gå med Branntrøye i 24 timar. For de som ikkje syns dette var store premien for meg, så må eg arrestere dykk, for Sivert er ein ihuga Rosenborgfan og eg må seie at ydmykelsen for han blir stor.- For det eg er stolt over er jo at eg Siri Beate Mæland Larsen til alles store sjokk faktisk klarte å site roleg gjennom heile filmen. Eg er faktisk så stolt at det er litt skremmande. Og eg gler meg til hausten og få se ein flau Sivert i Branntrøye!!!

Men dette er ikkje mi siste bragd i den siste tida. Eg har og vaska halve huset! Og ikkje berre sånn som ein gjer ein gong i veka, nei skikkeleg nervask. Eg vaska stova (vinduene, vinduskarmane, møblene, veggene, golvet) gangen (over og under trappa, kommoden, veggane og golvet) rommet mitt(overraskane lite skite!) Men vaking var berre halve oppgåva, eg skal jo flytte, så eg har pakka og flytta alle eskene inn i eit hjørne, pakka litt til, flytta alle tinga til ein ny plassering, pakka, tatt ting ut i bilen.... Dette brukte eg to heile dagar på... Men no er det gjort og eg kunne køyre heim med godt samvit. Så no er eg heime. Det er rart. Neste gong eg ser Villa Nordpolen blir den siste(regnar eg med, då eg ikkje kjenner dei som skal flytte inn...) Men no har eg ferie, eg har fått meg jobb og er storfornøgd.

Lukke til alle som slit med eksamenslesing!

God somar!!

mandag 18. mai 2009

Hurra for Noreg

Eg hadde ein super 17. Mai. Eg sto opp før 7, slik på til på nasjonaldagen vår. Eg byrja feiringa med koseleg frukost i Salem. God mat, nasjonalsang og dikt er ikkje å forrakte!
Natalie (i Vigrabunad)
Dette var min fyrste 17. Mai utan korpset siden eg byrja der. Det vil seie: 13 år med korpset! Det var litt rart å ikkje marsjere, men eg fekk gå i tog og var nøgd med det! Eller, nei! Eg har ikkje gått i tog! Eg har gått i posesjon... Slik er det i Bergen, me er ikkje som alle andre, tog er ut! Hehe, eg tykjer det er litt søtt.
Solveig og kjærasten.
Buekorps
Etter posesjonen vandra eg rundt forbi, åt is, drakk brus, sølte kaffi på forkle(sukk), hang med Camilla og Gjertrud (det er fascinerande kor mykje og lenge ein kan prate om bunader på ein dag!) og åt sukkerspinn før eg åt middag på Big Horn steak house med BEAST (BErgen Akademiske Sosiale Tegnspråkforum). Det var godt det! Verkeleg nam. Eg prata masse (sjokk...) og måtte tolke litt av og til for servitøren (stolt).
Ingvild og Camilla - mine framtidige sambuerar
Medan Bergen hadde vist seg frå si beste side med masse sol heile dagen blei det "litt" varmt å sitte i bunad etter ei stund, men kva ofrar ein ikkje for venheita (sikkert ikkje et ord, men d såg så kult ud!!) Apropos smerte... Eg klarte sjølvklårt å få ei blemme som er blitt eitt åpent sår, og kvir meg for å stå oppreist for tida.
Au!
Godt at eg skal sitte på eksamen i morgon. Tegnspråk skriftlig. Om eg er nervøs? Ikkje ein plass. Om det er bra? Absolutt ikkje. Menmen..
Eg i min Hardangerbunad

lørdag 16. mai 2009

Os

Er litt langt vekke. Og Siri Beate må køyre på lange smale veier og passe seg for bilar heile tida. Det er ikkje Siri Beate van med. Liker best bykøyring må eg seie. Og med ei frå Vigra ved siden av seg var Siri Beate litt redd for å drite seg loddrett ud på dei svingete vegene, men det gjekk bra og me kom oss fram til Os. Men kva skal eg heilt ut til Os å gjere? Jo, det var avslutning med styret for Laudate!

Andreas Silje

Natalie

Astri
Therese
Er det ikkje flotte menneskje? Eg og Ingrid er og med i styre. Ingrid kunne diverre ikkje kome. Bler av ein eller anna rar grunn alltid litt bilete med denne gjengen...
Os er ein fin stad!
Takk for ein super dag!! De er flotte alle saman!

torsdag 14. mai 2009

Konfirmasjon

Fyrst må eg få ordne i ein ting eg gløymte. Songen i forige inlegg er skriven av ei flott dame som heitter Ingvild Hageseter Foss. Ho går i same kyrkje som eg vaks opp i. All cred. til ho!
Mi einaste og kulaste og beste og snillaste syster (ho er faktisk den beste systera i verda) konfirmerte seg i helga. 10. Mai for å vere heilt nøyaktig, og det skal ein jo. Slekta stilte opp stivpynta og flotte. Eg i min vakre Hardangerbunad. Alle stolte over vår kjære Nina Marie. Og slik skal det jo og vere! Eg og morfar hadde med kjærastane våre(dei er båe østlendingar). Eg var sjølvklårt sjuk og dårleg (kjem alltid når det passar dårlegst(er det eit ord...?)) Men feire gjorde eg, og bilete tok eg! Så de skal få sjå nokre glimt.

Familien Larsen

Konfirmanten med faddre. Frå venstre: onkel Sigve, tante Marit Iren, Nina Marie, tante Bergliot og onkel Hans

Lotte. Søskenbarnet vårt. Her brifer ho med Rogalandsbunaden.

onkel Egil med Martin på ryggen :o)

mandag 4. mai 2009

Ein song til deg!

Takk for at du tvilte Thomas
og takk for at du viste oss tvilens vei til tro
Ja, takk for at du tvilte Thomas
Takk for at du trodde Thomas
din tro er blitt til visshet for oss som ikke ser
Ja, takk for at du trodde Thomas
Takk for at du lever Jesus
og takk for at du er her for Thomas som for oss
Ja, takk for at du lever Jesus

lørdag 2. mai 2009

Me er gode på spelekveld!

Og her kjem nokre bilete frå den kjekke kvelden:
Øyind og Erlend rakk akkurat grillinga.
Det blei eit par bilete denne kvelden... Kjersti.
Astri.
Me har koseleg besøk frå Karmøy. Silje.