søndag 31. januar 2010

Nyttår

Det er framleis Januar...
Inga av bileta er ordna noko på.

Jostein.

Ingunn.

Ida.

Inga og Glenn-Thore. Her er det noko merkeleg. Kan det vere Inga har tatt kjærasten min? Fortvil ikkje, kjære vener, det ser berre sånn ut på biletet.

Sjå - eg kan blunke! *stolt*

mandag 25. januar 2010

Mi syster og eg

Eg likar å ta bilete. Eg likar og å bli tatt bilete av. Ikkje fordi eg tykjar eg er så utruleg digg, men fordi det er kjekt å ha fine bilete av ein sjøl. Og eg er ikkje flau over å seie at eg ser bra ut, tenk. For eg opererar ikkje med janteloven. Men nok om det, det var ikkje koseleg. Eg og syster mi (som eg stadig skryt av) hadde ein bileteskyting av kvarandre. Me er fine. Berre se:
Nina Marie.

Me bloggast (det er så tøft å seie(skrive)).

onsdag 20. januar 2010

Sørmarkå

No lurar kanskje nokon på kvifor eg skriv tittelen på dialekt, for slik driv ein då ikkje med. men det gjer eg, så det får de berre leve med. men no må eg kome meg att til temaet; Sørmarkå. Kva er det? Jo, det er ein skog som er eit lite stykke frå meg når eg er heimeheime. Eg, tre vene vener og min flotte kjærast vitja denne skogen ein utruleg kald fyrste nyttårsdag. Og for at turen skulle bli litt mindre kald så fekk me i oss kakao på ein liten sidesti ein stad. Kakao er ein fin ting. Etter kakaostoppen blei min kjære (og litt eg og, men det er lettare å skulde på han) kald. Difor gjekk me heim og varma oss. Med andre ord; det var ikkje den lengste turen eg har vore på i mitt liv, men koseleg var det og kakao fekk me. Her kjem nokre bilete frå turen. Det er lov å slengje inn ein kommentar eller to om du ynskjer det (hint, hint)
Kakaofordeling på høgt nivå. Glenn-Thore, Ingunn og Inga.
Ingunn er nøgd. Ingunn matchar koppen.
Inga undrar på kva eg held på med. Eg tek bilete av Inga, fordi Inga er tøff.
Ida ser lurt på meg. Det er nok fordi Ida er lur. Ho studerer ancient history i Wales.
Glenn-Thore er glad. Glenn-Thore er nesten alltid glad. Berre ikkje når han er sulten. Då er Glenn-Thore sur.
Siri Beate er bustete på håret. Siri Beate er søt. Biletet er tatt av Glenn-Thore.