onsdag 7. januar 2009

Takk!

Gud har ein fantastisk evne til å minne meg på om og om igjen, kvar gong eg pratar med han, kor høgt han elskar meg. Kvifor? Fordi eg treng det! Det er skremmande fascinerande at uansett kor mange gonger eg bestemmer meg for, ber Ham om hjelp til, veit, trur at eg skal sleppe Gud meir inn i livet mitt. Og då pratar eg om den viktigaste delen av livet mitt. Den der han kan, vil og gjer mest i menneskje sitt liv. Kvardagen deira/min. Eg får det ikkje til. Ikkje lenge. Eg vil, men eg klarar det ikkje. Og igjen må Gud minne meg på kor høgt han elskar meg og at han er der. Klar. Før eg kjem att. Han er her for meg heile tida. Konstant. Gud brukar ikkje punktum. Det som gjer det ennå meir fantastisk er at det ikkje berre gjeld meg. Han elskar deg like høgt. Elska er det skumlaste ordet eg veit om. Men med Gud har eg funne ut at det er sant. Han elskar oss med ein kjærleik eg ikkje tørr tenkje på. Eg har sjelden funne ein meir passande stad for denne songen:
«Her er eg igjen, o Gud. Eg håpar det er greit. Som oftast brukar eg å be den lista som du veit, men no kjem eg for å sei deg noko du sa først til meg. Du skal få høyra at eg elskar deg. Eg elskar deg. Eg er redd for sterke ord. Men eg vil så gjerne bruka dei, for gleda er så stor. Eg elskar deg, ingen kjærleik er som din. Eg ville berre sei eg elskar deg Eg har tenkt på bodet ditt, å elska Herren Gud med hjarta sjela vitet mitt, men sanninga veit du. Gud eg klarar ikkje elska deg, for eg sjølv vil vera størst. Kun om eg mottek kjærleik frå deg først. Kan eg våga sei Eg elskar deg. Eg er redd for sterke ord. Men eg vil så gjerne bruka dei, for gleda er så stor. Eg elskar deg, ingen kjærleik er som din. Eg ville berre sei eg elskar deg» -Bjarte Leithaug

3 kommentarer:

Camilla sa...

Takk

Unknown sa...

Fine bloggen, dette trong eg å lesa:) Du stjal tankane mine, for eg hadde tenkt å blogga i jår, men fekk kje tid, så d va fint du gjorde d;)

God helg, vennen!

Anonym sa...

hei:P utroli stili å finna bloggen din.. masse bra bilder og sånn... og eg like tankene dine rundt dette temaet her:D

Tenkte bare at eg sku sei at d faktisk e Solveig Leithaug som har songe redd for sterke ord, og ann e oversatt fra ein engelske sang:P

fortsett me dette for d e veldi interesant å lesa
miss you!
klem fra Ingrid Synnevaag