søndag 4. januar 2009

Herleg ferie

Eg var på JuleJule for fyrste gong (julefest i misjonskirken)
Hjerteleg latter!

Gode vener.

Eg og nokre av mine vener plar samlast hjå Leffy kvar litle julaft til frukost og juletrepynting. Iår var inga unntak. Me kom til Leffy halv 9 (eg trur ikkje det var Leffy som bestemte tida, då han var utruleg trøyt då han møtte oss i døra) Me stelte i stand god frukost med egg og bacon. Alle fekk forskjellig kopp. Etter frukosten pynta me treet deira. Dette gjer me kvart år. Kvart år får me beskjed frå mor til Leffy om å ikkje bruke all julepynten. Kvart år brukar me all julepynten. I år putta me på litt ekstra pynt som me fann. Mellom anna to dinosaurar og eit jagarfly! Er det jul, så er det jul...

Julepynt...
Ein nøgd Jostein.
Glenn-Thore har vore på besøk. Eg fekk nyttårskyss. Me har vore på kafè og på kino(Max Manus MÅ sjåast!!) Me har spelt Wii (Som no befinner seg i Bergen, hurra)
Eg er glad. Eg er i Bergen. No kan heimeeksamen berre byrje. Og det gjer han om han kan eller ei. Eg gler meg til eit nytt semester.

Ingen kommentarer: