lørdag 17. januar 2009

Eksamen er levert!!!

Dei to siste vekene har eg levt i ei fin lita boble - verre enn folkehøgskulebobla... Eg har opplevd nye spanande sider ved meg sjølv og alt det der. Men kva har eg egentleg gjort - undrar du kanskje. Eg har mellom anna
  • Vært inne i huset samanhengane i 75 timar, før eg bevegde meg utanfor døra
  • Drukke utallige mengdar kaffi
  • Jobba saman med gruppa i 19 timar i strekk
  • Tatt/vore med på ca 500 bilder
  • Vore på butikken berre to gongar
  • Lest ca 200 sider pensum
  • Vore vekke frå huset i nesten to døgn (utan å seie ifrå til mine stakkars vener eg bur med (unnskyld, igjen))
  • Sett ein heil sesong Ally McBeal
  • Vore med Camilla i 44 timar samanhengande
  • Skrive oppgåve på ein bar
  • Lagt meg 06:45 og neste dag stått opp 06:45

Når ein jobbar så mykje saman seier ein ofte litt morosame ting Her kjem nokre glimt frå eksamensgruppa mi:

"Skal jeg lukte på øya dine hva du mener, elle?" -Magdalene

"Sånn grønn banan, vettu" - Camilla om agurk

"Knut og Magdalene - the love story" -Magdalene (det skal her seiast at Knut er ein båndopptakar)

"Akkuratt som Stratos, bare me kjøtt - smelte på tunga" -Camilla om kalkunskinke

"Eksamen eige ås" -Grete Kristin "Mi eie ksamen" -Camilla

"Det blei søndertrørlandsk" Siri Beate om Grete Kristin sitt forsøk på å pate Camilla si dialekt

"Eg lure på om eg ska ha meg ein Cappuchino - jaffal ikkje noge me kaffi" -Siri Beate

"Mennesker, altså. Irriterane momenter" -Siri Beate "Ja, d e du" -Camilla utan å nøle

"Jeg rodde ikke engang, jeg satte på påhengsmotor'n" -Magdalene

"Hva e greia me å drøfte, liksom" -Camilla etter en hel dag med drøfting

Eg droppa dei sitata som berre er morsame for oss i gruppa... Men no er eksamen over. I går gav me frå oss dei 27 sidene om "Forskjellar og likheter mellom tegnspråk og talespråk" og det var ein euforisk kjensle. Heile verda hang på skuldrene mine, men nå er han der ikkje lenger.

Vegen gjekk rett til Friday's der me åt middaglunsj med dessert! Det var fantasteg godt og utuleg koseleg. Men nå kjem det sjukaste: Etterpå blei eg med Camilla på shopping!!! Eg! Eg er ikkje så veldigt glad i å shoppe, og når eg fyrst gjer det finn eg ingenting. Men eg fann meg to dongribukser, sko, genser, singlet og bolero = 740kr. Eg likar salg!

Som om ikkje dette var nok kom eg heim til vaffler, is og spelekveld! Konklusjonen må vere at eg har det fint. Livet er bra.

No er eg klar til å reise til Ål. Hasta lavista Bergen i ei veke! Gler meg. Spesielt til å komme inn i teiknspråken igjen - følar alle teikna stokkar seg for meg...

Ha ein super dag!

1 kommentar:

Camilla sa...

Hahaha=) Takk for FANTASTISK samarbeid! Har mange gode minner fra eksamensperioden også. Det sier litt om gruppa vår, det tror jeg! Men du... jeg må få alle de greiene du skrev opp, for dette var da ikke alt;)