lørdag 16. mai 2009

Os

Er litt langt vekke. Og Siri Beate må køyre på lange smale veier og passe seg for bilar heile tida. Det er ikkje Siri Beate van med. Liker best bykøyring må eg seie. Og med ei frå Vigra ved siden av seg var Siri Beate litt redd for å drite seg loddrett ud på dei svingete vegene, men det gjekk bra og me kom oss fram til Os. Men kva skal eg heilt ut til Os å gjere? Jo, det var avslutning med styret for Laudate!

Andreas Silje

Natalie

Astri
Therese
Er det ikkje flotte menneskje? Eg og Ingrid er og med i styre. Ingrid kunne diverre ikkje kome. Bler av ein eller anna rar grunn alltid litt bilete med denne gjengen...
Os er ein fin stad!
Takk for ein super dag!! De er flotte alle saman!

torsdag 14. mai 2009

Konfirmasjon

Fyrst må eg få ordne i ein ting eg gløymte. Songen i forige inlegg er skriven av ei flott dame som heitter Ingvild Hageseter Foss. Ho går i same kyrkje som eg vaks opp i. All cred. til ho!
Mi einaste og kulaste og beste og snillaste syster (ho er faktisk den beste systera i verda) konfirmerte seg i helga. 10. Mai for å vere heilt nøyaktig, og det skal ein jo. Slekta stilte opp stivpynta og flotte. Eg i min vakre Hardangerbunad. Alle stolte over vår kjære Nina Marie. Og slik skal det jo og vere! Eg og morfar hadde med kjærastane våre(dei er båe østlendingar). Eg var sjølvklårt sjuk og dårleg (kjem alltid når det passar dårlegst(er det eit ord...?)) Men feire gjorde eg, og bilete tok eg! Så de skal få sjå nokre glimt.

Familien Larsen

Konfirmanten med faddre. Frå venstre: onkel Sigve, tante Marit Iren, Nina Marie, tante Bergliot og onkel Hans

Lotte. Søskenbarnet vårt. Her brifer ho med Rogalandsbunaden.

onkel Egil med Martin på ryggen :o)

mandag 4. mai 2009

Ein song til deg!

Takk for at du tvilte Thomas
og takk for at du viste oss tvilens vei til tro
Ja, takk for at du tvilte Thomas
Takk for at du trodde Thomas
din tro er blitt til visshet for oss som ikke ser
Ja, takk for at du trodde Thomas
Takk for at du lever Jesus
og takk for at du er her for Thomas som for oss
Ja, takk for at du lever Jesus

lørdag 2. mai 2009

Me er gode på spelekveld!

Og her kjem nokre bilete frå den kjekke kvelden:
Øyind og Erlend rakk akkurat grillinga.
Det blei eit par bilete denne kvelden... Kjersti.
Astri.
Me har koseleg besøk frå Karmøy. Silje.

lørdag 25. april 2009

Ulriken

ca. 640 meter over havet. Bergens høgste fjell. Der har eg vore idag. Om eg er stolt? Veldig. Eg er ikkje så glad i å utfordre kondisen min, men nokre gonger må det til. Eg, Janne og Astri vandra opp den bratte vegen og pusta og pesa. Det var koseleg, for det var ein kosetur og ikkje noko trimtur(då trur eg eg hadde halde meg heime...) Utsikta på Ulriken er ikkje noko og kimse av. Det var flott. Og med tre jenter med speilrefleks bler det alltid bilete og brife med(sjøl om eg g hadde klart å gløyme at eg ikkje har batteri på kameraet mitt og bar det opp og ned heilt forgjeves...)
Her er eg og Astri midt i det brattaste partiet på veg opp. Me er nokre tøffingar.
På toppen fann me snø! Og måtte sjølvklårt leike i han.
Og kva er vel ein fjelltur utan hoppebilete? Ikkje ein like kul som ein med - vil eg påstå.
Takk for turen Janne og Astri - de er nokre knuppar båe to!

torsdag 23. april 2009

Home is where the hugs are

Eg skal flytte!
Det er rart. Det er fint. Det er litt trist. Det er spanande. Det er kult.
Eg kjem til å sakne Villa Nordpolen. Dette gamle, søte, sjarmerande huset. Og bekken/elva/stryket som rann forbi og minna oss om korleis veret hadde vore i dagane før. Men det eg kjem til å sakne ennå meir er å bu med to fantastisk gode vener: Janne og Kristine. Dei er verkeleg flotte menneskje! Fulle av klemmar, gode ord, morosame oppspinn, oppmuntring og glede. Eg blir glad av å bu med dei. Eg er heldig: Ingen av dei forsvinn langt; båe er framleis i Bergen til hausten.

meg, Kristine og Janne.

Eg skal flytte inn med tre andre til det som for meg er midt i byen. Det tek berre 5 min. å gå til bystasjonen og 10 til sentrum. Eg er van med 20 og 30... Eg kjenner berre ei av dei eg skal bu med; Camilla. Camilla er tøff. Eg gler meg masse til å bu med Camilla. Dei to andre er vener av Camilla, så eg trur nok ikkje dei kan vere serleg farlige.
Camilla er snill.

lørdag 18. april 2009

Ståa

Det har vore påske.
Med egg, Jesus og familie.
Denne påsken har eg vore hjå Glenn-Thore fyrste delen og båe har vore hjå meg andre delen. Hjå Glenn-Thore lerte eg meg å skyte nazizomiar. Det var skummelt og eg "freakt out" ganske monge gonger. Slapp av - det er berre eit spel, eg blei ikkje skada i denne verda, berre i speleverda. 10. April var ein fin dag for meg. Eg og Glenn-Thore har vore saman i eit år. Dette måtte feirast og me åt på kinaresurant og vitja dei tre sverd i fjell! For dei av dykk som ikkje veit det, var det her Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike.

Glenn-Thore var ikkje heilt nøgd...

Men han lyste fort opp att.

Me blei innvitert på dagshyttetur av Ingunn med koking av gule egg(les: brune), grilling av pølser, tur og hyggelege menneskje. Herman hjarteknusaren var tilstades og sjarmerte oss alle i senk.

Ingunn.

Hjarteknusaren.

Heime i Bergen byrjer ting å gå sin vante gang. Eg har funne ut at det berre er ein månad(og ein dag) til min fyrste eksamen. Det var ikkje ein fin tanke. Eg har vore ute å slikka sol med Camilla. Me hadde smoothie frå fruktbar. Nam. Eg har grilla med mine flotte "sambuarar". Det var kanonkoseleg(og godt!). Eg har vor på danseforestilling og sett Carte Blanche. Det var kult. Dei er utruleg dyktige. Eg har fått vont i hovudet av å sove til tullete tider. Jaja. Konklusjonen må vere at eg har det bra, men er litt forvirra.