torsdag 14. mai 2009

Konfirmasjon

Fyrst må eg få ordne i ein ting eg gløymte. Songen i forige inlegg er skriven av ei flott dame som heitter Ingvild Hageseter Foss. Ho går i same kyrkje som eg vaks opp i. All cred. til ho!
Mi einaste og kulaste og beste og snillaste syster (ho er faktisk den beste systera i verda) konfirmerte seg i helga. 10. Mai for å vere heilt nøyaktig, og det skal ein jo. Slekta stilte opp stivpynta og flotte. Eg i min vakre Hardangerbunad. Alle stolte over vår kjære Nina Marie. Og slik skal det jo og vere! Eg og morfar hadde med kjærastane våre(dei er båe østlendingar). Eg var sjølvklårt sjuk og dårleg (kjem alltid når det passar dårlegst(er det eit ord...?)) Men feire gjorde eg, og bilete tok eg! Så de skal få sjå nokre glimt.

Familien Larsen

Konfirmanten med faddre. Frå venstre: onkel Sigve, tante Marit Iren, Nina Marie, tante Bergliot og onkel Hans

Lotte. Søskenbarnet vårt. Her brifer ho med Rogalandsbunaden.

onkel Egil med Martin på ryggen :o)

Ingen kommentarer: