lørdag 25. april 2009

Ulriken

ca. 640 meter over havet. Bergens høgste fjell. Der har eg vore idag. Om eg er stolt? Veldig. Eg er ikkje så glad i å utfordre kondisen min, men nokre gonger må det til. Eg, Janne og Astri vandra opp den bratte vegen og pusta og pesa. Det var koseleg, for det var ein kosetur og ikkje noko trimtur(då trur eg eg hadde halde meg heime...) Utsikta på Ulriken er ikkje noko og kimse av. Det var flott. Og med tre jenter med speilrefleks bler det alltid bilete og brife med(sjøl om eg g hadde klart å gløyme at eg ikkje har batteri på kameraet mitt og bar det opp og ned heilt forgjeves...)
Her er eg og Astri midt i det brattaste partiet på veg opp. Me er nokre tøffingar.
På toppen fann me snø! Og måtte sjølvklårt leike i han.
Og kva er vel ein fjelltur utan hoppebilete? Ikkje ein like kul som ein med - vil eg påstå.
Takk for turen Janne og Astri - de er nokre knuppar båe to!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe.. klart hoppebilde høyre til:) Sjølv om ikkje alle hoppa var like ELEGANTE ;) (dvs. mitt hopp;)

Takk for turen, det var herlig!! (å komme nedat:) hehe.. Men ja, det må vel gjentakast ein gong, veit ej!!

Tør ej gjette at du he brukt picnik på bilda?? :p Gjer litt Lomish-ish effekt.. hehe, gurimalla, ej e litt for avhengig av det programmet..

Siri Beate sa...

Nope, bruge PhotoScape på adle mine bilder. Ja, d må gjentas! :o)

Natalie sa...

såg ut som en knalltur!! dåkke e søte! ej e gjerne me neste gang! :)klem

Marianne sa...

såg ut so de hadde da kjempekjekt!!

Unknown sa...

DU e ein knupp, Siri Beate :P
Va knallkosligt å gå på tur med dåkke! Eg e klar for tur igjen i helje.. Kim e med? ;)

Siri Beate sa...

Eg e me! Men eg stemme for nytt fjell!