tirsdag 22. september 2009

Ikkje leiar lenger

Ja, no er det slutt. Eg er ikkje lenger leiar for Laudate. Korleis skal dette gå... Nei, eg takkar og bukkar for meg vel medviten om at dette årets styre er eit bra eit. Utan tvil. Men året som leiar har vore supert. Takka vere resten av styret. Det er godt å ha så flotte menneskje som støtte. Eg fortsett i Laudate, for eg storkosar meg der. I dag song me ein song som me og song i fjord. Det var kjekt det. Og me leika "Kjenner du naboen din". Og me åt brownie i pausen. Og kjeks. Og høyrte på ein kort, fin andakt av Aud Jorunn. Det er mykje meir enn song som foregår på Laudate ser de!
Idag - sida det var mi siste gong som leiar fekk eg ei gove frå styret. To blåe koppar, ein kjempegod te og ein te-timer (tidtakar for dei av dykk som ikkje les so mykje Engleskt) Så no sit eg godt planta under dyna mi og kosar meg med te, musikk, blogg og snart bok(Narnia). Livet har sine augeblink. Takk kjære: Nathalie, Astri, Ingrid, Andreas, Silje og Therese. De har vore gode å ha.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Stemningsfullt bilde:) Delikat!!
Ej kjeme på te-besøk, men ej lika'kje so fole godt te da.. Men uansett.. Det va kjekt å ver i lag i styret, me vil sakna deg!
klemma

Natalie sa...

Du e go å ha Siri-B;) ej e gla du fortsette i koret! :o)

Siri Beate sa...

Jaja - kom på te-besøg. Ska nok finna ein te t deg, ska du se ;o)