tirsdag 8. september 2009

Bergen, igjen

Eg har vore i Bergen ein månad allereie... Det har skjedd mykje og det er godt å vere her att. Eg har flytta til Nygårdshøgda og likar meg her. Me har turkis tema i stova. Kanskje fordi eg måla stovebordet vårt turkis utan at dei andre hadde noko å seie..? Fint er det blitt. Me har bygga hylle og boksa, me har dekka to sofaer med svart stoff, og hengt opp bilete. No er det bare å kome på besøk.
Camilla og Ingvild puslar boksar. Det turkise spisebordet og hylla vår i bakgrunnen.
Men alt er ikkje i orden, merkeleg nok... Me kan ikkje få post, då postmannen har fått feil nøkkel og ikkje kjem seg inn. Me har ikkje TV. Me har ringeklokke, men han fungerar ikkje enno. Me fekk nettopp vaskemaskin etter mykje mas, men han hopp rundt på vaskerommet viss me prøvar å vaske klede... Det heile er blitt så tragisk at det er berre komisk. Eg ler.
Her ser de den berykta vaskemaskinen... Og meg i ekte turiststil. Vaskemaskina vår er jo ei severdigheit... OK, kanskje ikkje.

2 kommentarer:

Ingrid Synnevaag sa...

hehe.. virka som om mye ikje va i orden:P Eg suns dåkke hadde d veldi koselig!!

Camilla sa...

Ny info: Ringeklokka virker å postmannen har fått nøkkel!=) (Traff Steinar i ganga, han ville ha hjelp til å bære ut gammel vaskemaskin. Det fikk han ikke, for å si det sånn...). TV-kort er underveis og når vi får satt vaskemaskinen i vater er det hele i boks!Hurra!