søndag 1. mars 2009

Vilvite

Ja, det vil me!
Magadalene og eg tok med våre søsken (Nina Marie og Morten) som var på besøk for å lære meir om alt mogleg. Ok, kanskje det var for å leke og ha det kjekt... Då dagen var ferdig hadde me: spådd været, hoppa i hoppetau, laga demning, drukna rett utanfor ein redningsflåte, mata ein robot, fått ein motor til å fungere, sykla opp ned, lært kor mykje sukker det er i ein halv godt og blandet bit og mykje anna. Utan tvil ein vellukka dag!!
Me fangar dei dryssande prikkane!
Eg kan sykle opp ned. Kan du?
Blir du med på ein køyretur?
Takk for ein flott dag!!

1 kommentar:

Marianne sa...

høres/ser ut so de har hatt da kjempegøy!! Kanskje eg ska ta me mi lillesøster der når ho kjem på besøk???:P