lørdag 28. mars 2009

Stjerner og smilefjes

Får eg teikne på veggen hjå oss for tida! Ei stjerne om eg går/syklar til skulen. Eit smilefjes om eg ikkje et snop eller liknande. Eg er enkel å glede. Gi meg ei stjerne og eg er nøgd med meg sjølv... Appropos (eg likar ikkje det ordet - det ser så teit ut. Eg skriv det sikkert feil og, men det får bare vere.) å vere sunn og de... Eg er så heldig at eg har ei høg forbrenning. Eg tippar det er arva då begge foreldra mine er lave og tynne. Men å seie "Eg er så glad for at eg har ei så høg forbrenning" kan skape reaksjonar... "Ja, det bør du vere" kjem ofte kvast og fort i retur. Eg tenkjer "Jaaa... Det var jo det eg sa!" men teier still - det er det beste. Glenn-Thore og andre gutar fortel om same svar då dei lukkeleg bryt ut med "Eg er så glad eg ikkje er jente". Eg tykjer dette er eit morosamt fenomen. Me blir nesten sinte på folk sjølv om dei er heit einige med oss.
Eg ler. Det er betre enn å grine.
Glenn-Thore har vore på besøk. Han skaut bilete av meg. Han er flink!

2 kommentarer:

Natalie sa...

Ej sønst dåkke e megaflinke! :o) Yey for sunnhet! Og fine bilde, søta!

Siri Beate sa...

hehe Takk! Ska bringa komplementet videre t min kjære fotograf ;o)