lørdag 7. mars 2009

Swansea

Hello, peeps!
Swansea is great! I'm loving it here, across the pond. Just dropped by for a quick update.
Eg er hjå Ida!
Å snakke Norsk byrjer å bli litt rart... Merkeleg, medan eg snakkar med Ida heile tida. Tysdag var fyrste dagen min her og eg var med på forelesning om "The romanisation of (einelleraen plass nord i Italia)" D va faktisk ganske spanande og eg lærte ein del. Onsdag gjekk me ut på byen. Me var på ein kul stad som heiter Oseana der dei spelte kul musikk. (Noko eg ikkje er van med. På utestader spelar dei vanlegvis musikk eg ikkje likar) Me dansa altfor mykje og det var kjempekjekt.
Idag sjedde noko eg må fortelje dykk; Se for deg ein lekepark - med rutsjebaner, og mange morosame ting du kan klatre rundt i. Alt med puter så ingen skal slå seg. Ein fredag i månaden er denne open for voksne som vil leke!! Ikkje trygt! Her var eg og Ida i kveld, saman med "the scandinavian society". Eg tenkjer de kan se for dykk meg i mitt rette element! Det var galskap. Folk overalt. Den eine rutsjebanen var så bratt at han gjekk innover... Nokon av dei me var med fann sjokolade inni lekeplassen. Me tenkte: Jippi, gratis sjokolade. Men sjokoladen var stjelt.... Dei trudde naturlegvis me hadde stjelt han. Me blei kasta ut. Av ein lekeplass. Eg ler. Det var morosamt.
Eg storkosar meg i Swansea og har møtt mange kule folk. Savnar dykk heime litt... Men eg kjem snart att!
Hugs from lovely Wales!

1 kommentar:

Marianne sa...

kasta ut frå ein lekeplass?? HAHAHA