mandag 16. mars 2009

Vener

Nokre vener er så gode at avstand verkeleg ikkje er ei hindring. Då ein møtast er venskapet like sterkt og ein har det like kjekt saman som då ein reiste frå kvarandre sist gong. Ein treng ikkje kome med masse oppdateringar om kva ein gjer for å dekke over ei rar stillheit. Slike vener skal ein sette pris på. Slike vener gjer livet litt betre. Slike vener skal ein passe på.
Slike vener vart me i Villa Nordpolen vitja av forrige helg. Anne-Sophie, Helga og Vibeke.

På Cafè Aura i Marken. Koseleg plass.

Me e alltid seriøse...
Nøgde kunder.

Bowling på Vestkanten.

Me var og på laserzone. Der spring ein rundt med ein sjølvlysande vest og er redd for alt og alle. Du prøvar å skyte motstandarane dine. Du prøvar å ikkje skyte medspelarane dine. Du prøvar å ikkje bli skoten. Litt småparanoid må det vere lov å bli... Spesielt når For ei oppleving. Anbefalast sterkt.

Takk for ei super helg!

Ingen kommentarer: