søndag 26. desember 2010

Julehelsing

God Jul!
Eg vonar du har hatt ein velsigna strålande jul! Eg har hatt ein aldeles nydeleg julaften. Mange fine gaver har eg og fått. Eg har slappa av mykje - kanskje litt for mykje til tider, men i morgon skal me ut i snøen og kose oss. Me skal leike og ake. Eg gler meg masse. Då eg kom heim var det julekortlaging, -skriving, -liming og -sending på gong og her er julebileta frå familien Larsen i år:
Mor, meg, far og Nina Marie i snøen.
Eg og Nina Marie - verdas kulaste systre...
Nina Marie har lært meg korleis eg brukar Photoshop og dermed har eg sjølvklårt leikt meg med det og! Her er resultatet:
Siri Beate, Biå og meg ;o)

torsdag 16. desember 2010

Julegavetilkvarandrebord

Eg elskar jul! Og eg gler meg som ei lita jente til å endeleg kome heim til Grannes; til familien min, til gode vener, til julepynt, til juletre, til julekort, til leiking i snøen i Sirdalen, til pakkeseremoni, til litle julaftenfrukost, til julaften med mor, far, Nina Marie, tante Liv Helene og søskenbarnet mitt Arild, til romjul og til bursdagsselskap. Og som om ikkje alt dette fantastiske eg har å kome heim til er nok skal eg videre til Kjeller og vitje min kjære og familien ved nyttår. Eg må seie eg har eit fint liv!
Men eg har og eit supert liv i Bergen, som ein ikkje skal kimse av! Fredag 10. Desember var eg, Janne, Kristine og Natalie på Big Horn Steak House og åt. Silje skulle vere med men eksamensmonsteret hadde åte ho opp. Eg har funne fram mitt gamle kamera - så eg har bilete de kan sjå.
Kristine og Janne.
Natalie.
Meg.
Me er alltid seriøse...
Søøøte.

lørdag 13. november 2010

Ein effektiv Siri Beate

Idag har vore ein utruleg effektiv dag!
Det hjelper jo at eg ikkje har noko anna å gjere enn skule, då eg er i Ålesund heilt åleine. (Heidi er i Stryn) Eg likar ikkje å skrive om at eg har mykje å gjere, men eg har det! Eg skal levere 20 sider (10-12 sider prosjektbeskriving om bacheloroppgåva og 8 sider praksisrapport) innan veke 47. Me er no på laurdag veke 45 og i dag morges hadde eg skrive 2 av 20.... No er eg på vel 6, trur eg. For eg har nemleg:
  • Laga liste over kati eg skal gjerekva fram til oppgåvene skal inn
  • Skrive framdriftsplan (kva eg skal jobbe med på bacheloroppgåva kvar veke til ho skal inn i veke 17)
  • Lese om tillit
  • Skrive om tillit
  • Lese om kvalitativ og kvantitativ metode
  • Skrive kvifor eg har vald problemstillinga mi til bacheloroppgåva
  • Skrive 3 sider på praksisrapporten.
Det er ikkje vanskeleg å gjette kvifor eg er nøgd med meg sjølv idag.
Eg trur eg er over gjennomsnittleg glad i å skrive lister. Før dagen idag blei eg øyddelagd i hovudet kvar gong eg tenkte på alt eg hadde å gjere. No som eg har laga meg ei liste som fortel meg kva eg skal gjere kvar dag blir heile tilvera mi mykje lettare. No, når eg tenkjer på alt eg har å gjere, veit eg kor eg skal byrje. Og det som gjer alt ennå betre er at eg kan hake av når eg er ferdig med noko. Då blir det plutseleg kjekt å fullføre det eg jobbar med, for eg kan hake av ei ny rute på lista mi!
Her er eit bilete av korleis dagen min har vore:
Eg er ikkje sint - berre konsentrert.

lørdag 6. november 2010

Ålesund

Eg er i Ålesund. Hurra. Laurdag for ei veke si kom eg og Heidi fram til nydelege Ålesund og vandra rundt og blei kjende. Ålesund er verkeleg ein koseleg by.
MEN, so skjedde det som ikkje er hyggeleg å fortelje dykk, men livet er jo ei dans på rosar - og rosar har torner. Eg og Heidi fikk frastjåle båe sin datamaskin, hennar mobil og min iPod og spegelreflekskamera. Det var ikkje så morosamt, så me måtte melde frå til politiet. Og slite med forsikringar og liknande. Me veit ikkje heilt korleis det blir. Men ein må berre se positivt på det. No har eg fått meg ny datamaskin. Og eg har teikna ein "Heidi og Siri Beate har blitt frastjåle tinga sine"-somarfugl.
Heidi. Meg.
Me bloggast.

søndag 31. oktober 2010

Endeleg

Har eg tid.
Nokre gonger føles det som eg jagar etter tida i staden for å prøve å la ho kome til meg. Men ein har det utruleg kjekt når eg hoppar frå det eine til det andre - når det skjer ting heile tida. Men nokre gonger treng ein ro. Til å gjere ting ein aldri har tid til. Idag har vore ein sånn dag. Eg er komen til Ålesundm, der eg og Heidi skal bu i tre veker medan me er i praksis på Hareid. Me kom i går og tok oss ein tur rundt om i byen. Dagen idag har gått til å dille med bilete. Og medan eg gjorde det har eg funne ut kor mykje kjekt eg har gjort i det siste. Eg tenkjer eg deler nokre bilete me dykk:
I somar fekk eg komt meg til Kjeller. Her på vitjing hjå Randi (bestemor til min kjære). Me er fine!

Og hjå Randi. Finefine hunden.

Døves kulturdager i Molde. Her er Tyst teater (heilt til høgre og heilt til venstre) og to frivillige skodespelare - meg og ein eg ikkje kjenner.

Alle som var med til Molde frå 3. klasse. Meg, Anine, Julie og Marianne. Her på atlanterhavsvegen. Solveig. Me er på Fløientur.

Andreas. Og på Fløientur.

Nina Marie (mi flotte syster) var på vitjing sjå meg.

Denne helga vitja eg Inga i Oslo. Her er eg foran slottet - supernøgd. Eg har nemleg ikkje vore i tigerstaden før.

mandag 27. september 2010

Fotoskyting

For ei stund sida var eg og min kjære på veg til Erling. Me (les: eg) fann ut at det var fint ver. Me hadde to paraplyer. Eg har kamera. Kva bler det i mitt hovud? Jo, bileteskyting. Me er superfine, er me ikkje? Og me bur jo i Bergen, så stilen passar einkvar dag ;o)
Eg følar eg har herma etter Astri, men eg kan berre skulde på at ho har inspirert meg :o)

tirsdag 24. august 2010

Bergen

Ja, eg er i Bergen att!
Byen i mitt hjarte. Og ja, eg lever framleis sjølv om det ikkje har vore mykje livsteikn frå meg i somar. Bloggen min fortalde meg nemleg at han og ville ha ferie, så då måtte eg berre nikke og vere enig. Men no har han ikkje lov å ha ferie lenger. Sjølv om me ikkje har internett heime og sjølv om eg ikkje har rydda i nokon av bileta eg har tatt i somar. No har eg lest meg opp på alle andre sine bloggar og er klar for å gi fra meg nye livsteikn igjen. Det skal man jo når man er ein annan stad. Seier nokon. Det er same for meg egentleg (Eg har forresten blitt påvirka av byasar i somar og seier no tidt og ofte egenlig - i staden for egentligt. Det er ikkje bra!) Men eg likar å gi frå meg nokre livsteikn. Noko kan man dele med heile verdsveven. Ikkje at eg trur heile veven les min blogg, det hadde vore litt veldig skremmande. Men nokon les. Trur eg.
Camilla og Ingvild har flytta frå meg og Sandra og det er litt rart og litt trist men og litt fint, for me har fått to nye flotte menneskje inn i leiligheten. Maria og Miriam. Kanskje det plutseleg kjem bilete av dei. Me har det kjempefint. Eg har kjøpt ein plante som heiter Baltus og eit fint bilete. Miriam har kjøpt ei turkis rame, som ho ikkje hadde noko bilde til, så ho fann eit bilete av ein eller anna mann. Me kallar han Gunnar.
Då me ikkje har internett heime (grrr...) sit eg på skulen. Men det gjer jo at de får gleda av å se kor vakker eg hadde vore med rosa hår! Eg trur det må bli min nye stil!