fredag 29. mai 2009

Stolt

Eg er utruleg glad i Grease. Det er ein fantastisk film og eg storkosar meg kvar gong eg ser han. Dette diverre til forarging for dei som ser han saman med meg, då eg alltid syng og snakkar med... Difor utfordra Sivert meg til å sjå heile Grease utan å seie (med og utan lyd) replikkane, utan å synge med og utan å digge til musikken (eg fekk lov på ein song...) Hvis eg klarte det skulle han gå med Branntrøye i 24 timar. For de som ikkje syns dette var store premien for meg, så må eg arrestere dykk, for Sivert er ein ihuga Rosenborgfan og eg må seie at ydmykelsen for han blir stor.- For det eg er stolt over er jo at eg Siri Beate Mæland Larsen til alles store sjokk faktisk klarte å site roleg gjennom heile filmen. Eg er faktisk så stolt at det er litt skremmande. Og eg gler meg til hausten og få se ein flau Sivert i Branntrøye!!!

Men dette er ikkje mi siste bragd i den siste tida. Eg har og vaska halve huset! Og ikkje berre sånn som ein gjer ein gong i veka, nei skikkeleg nervask. Eg vaska stova (vinduene, vinduskarmane, møblene, veggene, golvet) gangen (over og under trappa, kommoden, veggane og golvet) rommet mitt(overraskane lite skite!) Men vaking var berre halve oppgåva, eg skal jo flytte, så eg har pakka og flytta alle eskene inn i eit hjørne, pakka litt til, flytta alle tinga til ein ny plassering, pakka, tatt ting ut i bilen.... Dette brukte eg to heile dagar på... Men no er det gjort og eg kunne køyre heim med godt samvit. Så no er eg heime. Det er rart. Neste gong eg ser Villa Nordpolen blir den siste(regnar eg med, då eg ikkje kjenner dei som skal flytte inn...) Men no har eg ferie, eg har fått meg jobb og er storfornøgd.

Lukke til alle som slit med eksamenslesing!

God somar!!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulere me ferdig eksamen:)
Nyyyyt sommar'n, det skal vertfall ej gjere når den tida kjem!!
Ej tek til mej den siste setninga du skreiv, ej e nemli ikkje ferdi me eksamena før om over 2 veke!!! Goosh..
Jeje..
Me sjåast!

Marianne sa...

Flink du har vært då!! synst du har lov te å vera stolt, eg ;)
go sommar te deg og!!
(forresten, du sku kjøra frå bergen te ål sant??)

Christina J sa...

Har du ikke vaska taket da???:,(

Unknown sa...

Kor e d du har fått deg jobb da? :)

Camilla sa...

Gratulere med Greese!
Gratulere med nedvasking!
Gratulere med overstått eksamen! (sier det en gang til, jeg, selv om jeg har sagt det før...)
GRATULERE med sommerjobb! herligherlig:)

Snakkes til høsten, du stolte!

Siri Beate sa...

Astri: *klappepåhodet* du klare deg nok fint ska du se!
Marianne*: jepp!!
Christina: ...nei...
Janne: På jobben t mor; PTC