mandag 18. mai 2009

Hurra for Noreg

Eg hadde ein super 17. Mai. Eg sto opp før 7, slik på til på nasjonaldagen vår. Eg byrja feiringa med koseleg frukost i Salem. God mat, nasjonalsang og dikt er ikkje å forrakte!
Natalie (i Vigrabunad)
Dette var min fyrste 17. Mai utan korpset siden eg byrja der. Det vil seie: 13 år med korpset! Det var litt rart å ikkje marsjere, men eg fekk gå i tog og var nøgd med det! Eller, nei! Eg har ikkje gått i tog! Eg har gått i posesjon... Slik er det i Bergen, me er ikkje som alle andre, tog er ut! Hehe, eg tykjer det er litt søtt.
Solveig og kjærasten.
Buekorps
Etter posesjonen vandra eg rundt forbi, åt is, drakk brus, sølte kaffi på forkle(sukk), hang med Camilla og Gjertrud (det er fascinerande kor mykje og lenge ein kan prate om bunader på ein dag!) og åt sukkerspinn før eg åt middag på Big Horn steak house med BEAST (BErgen Akademiske Sosiale Tegnspråkforum). Det var godt det! Verkeleg nam. Eg prata masse (sjokk...) og måtte tolke litt av og til for servitøren (stolt).
Ingvild og Camilla - mine framtidige sambuerar
Medan Bergen hadde vist seg frå si beste side med masse sol heile dagen blei det "litt" varmt å sitte i bunad etter ei stund, men kva ofrar ein ikkje for venheita (sikkert ikkje et ord, men d såg så kult ud!!) Apropos smerte... Eg klarte sjølvklårt å få ei blemme som er blitt eitt åpent sår, og kvir meg for å stå oppreist for tida.
Au!
Godt at eg skal sitte på eksamen i morgon. Tegnspråk skriftlig. Om eg er nervøs? Ikkje ein plass. Om det er bra? Absolutt ikkje. Menmen..
Eg i min Hardangerbunad

7 kommentarer:

Natalie sa...

Lykke, lykke, lykke til på eksamen i mårga søte dej!! You can do it!! Og den blemma/såret såg rett låååk ut!! Stor klem!

Anonym sa...

prosesjon, ikkje posesjon

Marianne sa...

fin du va i bunad!!
høres løye ut me tegnspråk skriftli :P

Therese sa...

åå, e så kjekt å lesa på bloggen din, du e så flinke å skriva:D

Siri Beate sa...

Tusen takk, Therese :o)

Anonym sa...

Fine fine fine bilder av fine fine fine folk:)
Håpe d gjekk bra på eksamenen din. Ej hekje fått me mej at du he oppdatert, so e litt sein me å kommentere ;p
Det e nokke so he klikka hjå bloggen min, trur ej.. Jaja..
tudelidu

Siri Beate sa...

hehe.. D går så fint så! Trur d jekk greit me eksamenane, men vil ikkje tenka på d før eg får karakteren! ;o)