søndag 22. februar 2009

Titthei

Klokka er halv 12 på ein syndag. Kvifor er eg framleis vakjen, lurar du kanskje på. Eg kom heim frå boller og spel hjå Anne og Kristine klokka 9. Då ryddar Siri Beate ut av oppvaskmaskinen. Ikkje det fyrste du gjer når du kjem heim, seier du? Nei, nei. Men eg stoppa ikkje der, nemleg. Eg rydda i stua. Både mine og Janne sine ting. Eg vaskte opp det som var skite, og satte inn i oppvaskmaskinen. Då eg kom opp på rommet rydda eg. Litt.... Eg byrja med å skifte laken og dyne og putetrekk. Så såg eg meg rundt og tenkte for meg sjølv: "No er det lenge sida eg har rydda her... Tørr eg prøve? Ja, eg får jo besøk av mi kule syster på torsdag" Då var det gjort. Eg susa att og fram, fram og att. Då eg var ferdig var klokka blitt 11. Det seier litt at det tek halvanna time å rydde eit så lite rom. Det er ikkje bra. Men no er rommet mitt fint. Eg sit i senga, ser meg rundt og smilar. Kvar eg har fått energien min frå? Inga aning. Kanskje døvekjyrkja. Kanskje boller med sjokolade. Kanskje at eg ikkje treng å stå opp før halv 12 mondagar. Kanskje det er heilt tilfeldig. Eg er nøgd uansett. Rommet mitt er besøkbart (eg veit at dette ikkje er eit skikkeligt ord, men eg brukar det allikevel. Eg tykkjer det er eit tøft ord, og eg fann på det sjølv.)

Eg har funne ut at eg er tøff med proft kamera!

6 kommentarer:

Natalie sa...

Søte du! He du fått dej nytt kamera?? Og, ej skjøna ka du meina me uventa energi.. Slik får ej og av og til - og det e skikkelig digg!! Gratulere med ryddig rom! Klem

Marianne sa...

kan eg fåt litt av den rydde-energien din?? har (sårt) brukt for han.....

Siri Beate sa...

E desverre ikkje mitt :o( Øyvind sitt.

Anonym sa...

Ej fær aldri sånn energi. Eg blir sint av rotet og rydda hybel'n min i rein frustrasjon. Der henta eg min energi frå ;) haha..
Eg likte det kameraet, men tvilar på at det hadde fått plass ned i veska mi. So eg veit ikkje om eg likar det likevel..
Eg er vaken klokka 01.00, om du trur du er unormal. Og eg skal opp klokka 05.30. SHIT!.
GODNATT!

Unknown sa...

*Kremt kremt* Ikkje for å øydeleggja den gode stemningen.. Men klare du å holda rommet ryddigt frå sundag te... torsdag? ;P Då må eg sei eg beundre deg! Haha...

Å du! Rommet mitt trenge sårt et ryddekick, så viss du føle for å ta turen øve gongen så e du hjerteligt velkommen:D

Siri Beate sa...

Hehe... Eg har klart d t nå *stolt* så me får se... ;o)