onsdag 4. februar 2009

Ein onsdag i bilete

Frå mobilen...

Då eg opna døra i Villa Nordpolen for å tusle ned til Camilla denne fine studiedagen så såg eg snø! Siri Beate er glad i snø!

"Alt går litt langsomere her på jorden når hele himlen faller ned"- Anne Grete Preus

Du ser det kanskje ikkje så godt - men eg er dekka i snø. Her på trappa hjå Camilla.

Mine studiekameratar denne dagen. Fisken Camilla og modellen Grete Kristin... Her ser de at me er klare til å avlese DVD om Helen Keller.

Eg har fått kaffi i fin kopp! Og Beatlesplate til å sette han på! Me er utruleg flinke til å avlese. Det er konklusjonen etter to kapittel. Det er ein film som ikkje er meint for studentar som oss, men for dei som kan teiknspråk godt...(Det må vere lov å skryte litt) Stemmetolken på DVDen er me heilt sikre på at må ha vore ein døv som har valgt... Ho har sånn fæl Bergensdialekt!! Dei fleste som pratar Bergensk er heilt greie å høyre på, men ho her - eg orkar ikkje å høyre på ho i meir enn 3 minutt. Eg får ein ikkje-så-liten trang til å slå ho... Det er ikkje bra!

Etter mykje avlesning og kaffi laga me pizza!! Den var kjempegod! Det var ganske morosamt å lage han, då ingen ville ha det same på... På min er det både ananas, mais og tortillachips... Nam!

På veg heim var det kome ennå meir snø. Logisk nok - då det har snødd heile dagen... Det var ein utruleg koseleg gåtur heim. Og det blei ikkje verre av å prate med Glenn-Thore i telefonen.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ein koslige studiedag :)
Eg e meget imponert øve skonå dine så kje blei våte på veien him i tillegg te at du kje datt...
Må jo nevna at den stemmetolken faktisk hjelpe ås da, me orke jo kje å høyra på henna så me må barra jobba å jobba te me forstår d på egenhånd...
Min pizza va best, for tenk!

Siri Beate sa...

Hehe, ja du har et poeng der! Me gidde å ta d omigjen et par gonger t - for å utsetta øyeblikket der me e nødt å hørra på na...

Natalie sa...

Så søt bakgrunn du he fått på bloggen din!! Og det ser ut som om du he hatt en finfin studiedag:) Og snø e bra, så lenge det e snø og ikkje sørpe og is!!

Marianne sa...

kos:)