tirsdag 20. april 2010

Bloggpause

Eksamen og praksis stjel tida mi - dei er rett og slett tidstjuvar. Men kven veit - kanskje det kjem eit innlegg eller to trass "mørketida". Berre ikkje forvent noko av meg før 21. Mai - for då er eksamen levert (ho må vere det, så sånn er det). Her har de nokre bilete de kan sjå på viss de hopp innom for å sjekke om det er kome noko;

Jostein er glad. Jostein er og kul.

Nydelege jenter! Eg er så glad i dykk! Kristine, Janne, meg og Silje. Sjå blogglista til venstre om du vil.

"Girls are not that complicated. Just feed us chocolate and tell us we're pretty"

Korset. Ein skal ikke gløyme det viktigste.

onsdag 10. mars 2010

Eg har fått ein award, eller pris om eg får seie det på Norsk. Eg har diverse aktive bloggerar på mi veneliste og Sophie Mari er ei av dei. Og no har ho gitt meg ein pris. Eg må seie det var ein koseleg ting å få ein onsdags morgon når eg egentligt burde gjere oppgåver, men les bloggar i staden for.
The sunshine blog award i awarded to bloggers whose positivety and creativity. Inspire other in the blogworld. The rules for accepting the award are: Put the logo on your blog or whitin your post Pass the award to 12 bloggers Link the nominees whitin your post Let them know they recieved this award by commenting their blogs Share the love and link to the person from who you recieved the award from
Eg gir denne flotte prisen vidare til:
Eg likar ting som skjer spontant. Ikkje det at eg ikkje likar planar. Eg er av og til litt for gla i planar. Men når ein finn ut at me går på kafe no, eller me går tur, eller andre kjekke ting ein berre plutseleg bestem seg for å gjere. I går fann eg og Grete Kristin ut at me ikkje hadde så mykje å gjere som me trudde på skulen og gjekk derfor på kafe. Me vert sitjande på kafe i monge timar, og det var kjempekoseleg. Camilla blei og med. Eg kan verkeleg anbefale Kvarteret sin kafe. Det er billeg, og samstundes har dei god plass og gode sofaer. Det eine som ikkje var heilt topp var at me ikkje fann ut kor me kom oss inn, men eg kan informere om at inngongen er i 2. etasje på baksida. Ta deg ein spontantur med ein god ven, gjerne meg, og kos deg!

fredag 19. februar 2010

Sophie Mari

Min gode ven frå ungdommen, (Ja - eg skriv d for å virke gamal...) Sophie Mari fyller 23 år idag og er dermed mykje eldre enn meg :o) Sophie Mari er og ferdig utdanna og i fast jobb, noko som framhevar poenget mitt. Men inni hovuda våre er nok verken eg eller Sophie Mari eller eg serleg gamle...
Her er eg og Sophie Mari på TMF(tenmisjonsfestivalen). Dette er somaren 2004.

onsdag 17. februar 2010

BUK

Kvifor har eg skrive tre bokstavar i overskrifta mi? Jo, det skal eg fortelje deg! BUK står for Barne og UngdomsKonferansen til NMSU. Og NMSU - det står for Det Norske Misjonselskaps Barne- og Ungdomsorganisasjon. Og det er NMSU sitt "årsmøte" eller "generalforsamling" om du vil. Der var eg i byrjinga av Februar. Og det var utruleg inspirerande, morosamt, kjekt og litt keisamt.
Me reiste frå heile landet til ein leirstad som heitter Kjelsund. Den ligg i Herøy kommune på Sunnmøre. Målet for helga var å bestemme monge viktige sakar som til dømes endringar i grunnlovar og vedtekter for NMSU. Men me fekk og tid til mykje anna morosamt og kjekt.
Her stemmer me. Moki vil og vere med å stemme. Han får hjelp av Sondre.
Temaet for konferansen var "Følg meg" og difor fekk me sauenamneskilt og fyrste dagen hadde me FÅRedrag...
Sauen Siri Beate.
På laurdag hadde me konsert med Compass. Dei var verkeleg flinke. Glade gutar.
Iselin og Mie kosar seg.
Gjennom heile helga hadde me fokus på å følje Jesus. Og ein av dei tinga så blei sagt i eit av møta var at nokre gonger er det ikkje så lett å vite korleis ein skal klare å følje Jesus, og ein ser ikkje alltid kvar Gud vil at ein skal gå. Og då kan ein be om at Jesus må dra oss med der han går. Be om at han kan hekte oss fast i han, så me ikkje slepp taket. Be om at han må hjelpe oss ut i utfordringar og gleder. For så lenge me heng på Jesus er me trygge. Me har ikkje kontroll, men han som veit så mykje meir enn oss har kontroll. Og me kan verkeleg stole på han, me er "berre" nødt til å tore å la han ta kontroll. Det sneik seg kanskje inn nokre av mine tankar og der... Men eg har funne ut i løpet av denne helga at eg kan gjerne samanligne meg med ein dum sau så lenge Gud er hyrden min.
Det var monge flotte folk med på konferansen. Her er bilete av nokre av dei:
Jens Jørund. Han likar juice.

Håkon og leirens maskot; Ingeborg Marie.

Iselin.

søndag 31. januar 2010

Nyttår

Det er framleis Januar...
Inga av bileta er ordna noko på.

Jostein.

Ingunn.

Ida.

Inga og Glenn-Thore. Her er det noko merkeleg. Kan det vere Inga har tatt kjærasten min? Fortvil ikkje, kjære vener, det ser berre sånn ut på biletet.

Sjå - eg kan blunke! *stolt*

mandag 25. januar 2010

Mi syster og eg

Eg likar å ta bilete. Eg likar og å bli tatt bilete av. Ikkje fordi eg tykjar eg er så utruleg digg, men fordi det er kjekt å ha fine bilete av ein sjøl. Og eg er ikkje flau over å seie at eg ser bra ut, tenk. For eg opererar ikkje med janteloven. Men nok om det, det var ikkje koseleg. Eg og syster mi (som eg stadig skryt av) hadde ein bileteskyting av kvarandre. Me er fine. Berre se:
Nina Marie.

Me bloggast (det er så tøft å seie(skrive)).

onsdag 20. januar 2010

Sørmarkå

No lurar kanskje nokon på kvifor eg skriv tittelen på dialekt, for slik driv ein då ikkje med. men det gjer eg, så det får de berre leve med. men no må eg kome meg att til temaet; Sørmarkå. Kva er det? Jo, det er ein skog som er eit lite stykke frå meg når eg er heimeheime. Eg, tre vene vener og min flotte kjærast vitja denne skogen ein utruleg kald fyrste nyttårsdag. Og for at turen skulle bli litt mindre kald så fekk me i oss kakao på ein liten sidesti ein stad. Kakao er ein fin ting. Etter kakaostoppen blei min kjære (og litt eg og, men det er lettare å skulde på han) kald. Difor gjekk me heim og varma oss. Med andre ord; det var ikkje den lengste turen eg har vore på i mitt liv, men koseleg var det og kakao fekk me. Her kjem nokre bilete frå turen. Det er lov å slengje inn ein kommentar eller to om du ynskjer det (hint, hint)
Kakaofordeling på høgt nivå. Glenn-Thore, Ingunn og Inga.
Ingunn er nøgd. Ingunn matchar koppen.
Inga undrar på kva eg held på med. Eg tek bilete av Inga, fordi Inga er tøff.
Ida ser lurt på meg. Det er nok fordi Ida er lur. Ho studerer ancient history i Wales.
Glenn-Thore er glad. Glenn-Thore er nesten alltid glad. Berre ikkje når han er sulten. Då er Glenn-Thore sur.
Siri Beate er bustete på håret. Siri Beate er søt. Biletet er tatt av Glenn-Thore.