onsdag 17. februar 2010

BUK

Kvifor har eg skrive tre bokstavar i overskrifta mi? Jo, det skal eg fortelje deg! BUK står for Barne og UngdomsKonferansen til NMSU. Og NMSU - det står for Det Norske Misjonselskaps Barne- og Ungdomsorganisasjon. Og det er NMSU sitt "årsmøte" eller "generalforsamling" om du vil. Der var eg i byrjinga av Februar. Og det var utruleg inspirerande, morosamt, kjekt og litt keisamt.
Me reiste frå heile landet til ein leirstad som heitter Kjelsund. Den ligg i Herøy kommune på Sunnmøre. Målet for helga var å bestemme monge viktige sakar som til dømes endringar i grunnlovar og vedtekter for NMSU. Men me fekk og tid til mykje anna morosamt og kjekt.
Her stemmer me. Moki vil og vere med å stemme. Han får hjelp av Sondre.
Temaet for konferansen var "Følg meg" og difor fekk me sauenamneskilt og fyrste dagen hadde me FÅRedrag...
Sauen Siri Beate.
På laurdag hadde me konsert med Compass. Dei var verkeleg flinke. Glade gutar.
Iselin og Mie kosar seg.
Gjennom heile helga hadde me fokus på å følje Jesus. Og ein av dei tinga så blei sagt i eit av møta var at nokre gonger er det ikkje så lett å vite korleis ein skal klare å følje Jesus, og ein ser ikkje alltid kvar Gud vil at ein skal gå. Og då kan ein be om at Jesus må dra oss med der han går. Be om at han kan hekte oss fast i han, så me ikkje slepp taket. Be om at han må hjelpe oss ut i utfordringar og gleder. For så lenge me heng på Jesus er me trygge. Me har ikkje kontroll, men han som veit så mykje meir enn oss har kontroll. Og me kan verkeleg stole på han, me er "berre" nødt til å tore å la han ta kontroll. Det sneik seg kanskje inn nokre av mine tankar og der... Men eg har funne ut i løpet av denne helga at eg kan gjerne samanligne meg med ein dum sau så lenge Gud er hyrden min.
Det var monge flotte folk med på konferansen. Her er bilete av nokre av dei:
Jens Jørund. Han likar juice.

Håkon og leirens maskot; Ingeborg Marie.

Iselin.

4 kommentarer:

Iselin sa...

Så fin blogg du har =)
Og fint innlegg med flotte bilder. Åh, BUK var vanvittig bra, var det ikke?

Ingrid Synnevaag sa...

Nei, Jens Jørund? :P hehe.. sykt kjekt d såg ud!

kristine sa...

kjekt å sjå bilde fra kjelDsund..:)
bra du hadde de kjekt der..vi må henge endag..

Siri Beate sa...

Iselin: Takk, takk. Og, ja - d va konge!
Kristine: Oj, skreiv eg feil? Flaut! Men ja, me må verkeligt henga! Eg ska ver leirleder i heljå, men me kan finna ud noge på mandag. Du komme på d tolka tupperwarepartyet!?!