onsdag 8. juli 2009

Preikestolen

Det var ein gong 7 tullete jenter som skulle vise to gutar frå det store utland preikestolen. Dei sat seg i to bilar og køyrde glade og nøgde til botn av fjellet. Her tok dei fatt på oppstigningen med freidig Norsk mot. Dei vandra langt om lenge og lenger enn langt. Då byrja dei to gutane å røykje. Dette tykjte ikkje jentene noko om. Men då gutane sa at dei kunne både røkje og springe opp fjellet måtte det bevisast. Og rett hadde dei, men slitne vart dei. Svetten byrja å renne på alle ni ryggane, men motet var oppe, og alle song og koste seg. (Det er uvisst om andre medvandrerar tykjte det same, men det spekulerar ein ikkje i i eit eventyr, gjer ein vel?) Omsider kom dei stolte opp til toppen og kunne se ned dei 604 meterane til vatnet. Det er langt. Nokre våghalsar sat med beina utforbi, medan andre heldt seg longt frå kanten.
Men våre barske vikingjenter med følge stoppa ikkje her. Opp på ein ekstra topp, for å få ekstra utsikt var som prikken over i-en.
Å miste kameraet ned fjellsida tok Mari seg av. Det ga oss andre gleda av å peke å le. Før ferda gjekk ned att frå fjellet gav me eit siste farvel med å (på godt Norsk...)moone på preikestolen. Det er det nok ikkje så mange som har gjort. Dei stolte vandrarane satte så turen ned att med hopp og sprett.(Og ein liten tissepause som blei filma...) Etter ei stund var alle knea mørbanka og alle ryggar svette, så då tok dei som var så smarte å hadde med seg badetøy ein dukkert. Me andre såg på før me vende nasen heim att.
Og slik var soga om Norddamene som tok med seg Engelskmenn på fjelltur.
Peace out (fred ut)

Ingen kommentarer: