Eg skal flytte!
Det er rart. Det er fint. Det er litt trist. Det er spanande. Det er kult.
Eg kjem til å sakne Villa Nordpolen. Dette gamle, søte, sjarmerande huset. Og bekken/elva/stryket som rann forbi og minna oss om korleis veret hadde vore i dagane før. Men det eg kjem til å sakne ennå meir er å bu med to fantastisk gode vener: Janne og Kristine. Dei er verkeleg flotte menneskje! Fulle av klemmar, gode ord, morosame oppspinn, oppmuntring og glede. Eg blir glad av å bu med dei. Eg er heldig: Ingen av dei forsvinn langt; båe er framleis i Bergen til hausten.
meg, Kristine og Janne.
Eg skal flytte inn med tre andre til det som for meg er midt i byen. Det tek berre 5 min. å gå til bystasjonen og 10 til sentrum. Eg er van med 20 og 30... Eg kjenner berre ei av dei eg skal bu med; Camilla. Camilla er tøff. Eg gler meg masse til å bu med Camilla. Dei to andre er vener av Camilla, så eg trur nok ikkje dei kan vere serleg farlige.
Camilla er snill.
3 kommentarer:
Ntååå.... Vakkert bilde du fant a mæ, forresten.
Ååå så koseligt =)
Eg kjeme te å savna å bu med deg, mårr! Må kje tru du sleppe onda å koma på besøk og omvendt ;P
Store knip :D
trur du kjem te å kosa deg me å bu me camilla :)
Legg inn en kommentar